Annie Dahr Nygaard () er ein norsk skodespelar.
Annie Dahr Nygaard har hatt fleire mindre roller, blant anna i dei norske spelefilmane Lille Frøken Norge (2003) og Tommys inferno (2007), og i kortfilmane På velvet (2007), Løyndomen (2008) og Vektløs (2008). Ho hadde òg ei birolle i Bertolt Brechts Det gode mennesket fra Sezuan som vart sett opp på Centralteatret i Oslo i 2003. Dahr Nygaard har dessutan spelt hovudrolla i Appelsinpiken, filmatiseringa av Jostein Gaarders roman med same namn, regissert av tanta til Dahr Nygaard, Eva Dahr
Etter fullført bachelorgrad i teater og skodespelteknikk ved Høgskulen i Nord-Trøndelag vart ho i 2012 tilsett i det franske teaterkompaniet Phillippe Genty Compagnie, i forestillinga Forget Me Not. Denne turnerte i Europa, Asia og Russland fram til 2015.
Annie Dahr Nygaard er dotter av forfattaren Martin Nygaard og Victoria Dahr som saman driv Hurra Forlag på Smestad i Oslo. Ho er syster av skodespelaren Ida Nygaard.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Annie Dahr Nygaard» frå , den 1. desember 2015.
Bakgrunnsstoff Intervju i side2.no 2009 Intervju i Universitas 2009 Kort intervju i Natt og Dag 2009 Familieintervju i Aftenposten 2003
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Oslo