Troll Forsikring AS er eit norsk skadeforsikringsselskap som tilbyr forsikring til privatpersonar og næringsliv i Noreg. Største aksjonær er BRAS Kapital og Canica.
Historie Troll Forsikring vart skipa i 2007 etter eit initiativ av Stein Erik Hagens investeringsselskap Canica som ein utfordrar til dei 4 store (Gjensidige, If Skadeforsikring, Tryg Forsikring og Sparebank1 Forsikring. Troll Forsikring er eit rent nettselskap der tanken er å utvikle nettløysingar som gjer det enkelt å vere kunde.
Logo Logoen til Troll Forsikring viser enden av halen til eit troll i kvitt på ein blå bakgrunn.
Fakta Tilsette: 33 pr 1. desember 2015 Produkt: Alle typar ting- og personforsikringar for privat- og bedriftsmarknaden. Verksemda har konsesjon frå Finanstilsynet og er medlem av garantiordningen for forsikringsselskaper.
Kjelder Selskapets LinkedIn-profil Troll Forsikring si oppføring i Brønnøysundregisteret
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske forsikringsselskap Kategori:Norske finansselskap Kategori:Skipingar i 2007 Kategori:2007 i Noreg