Anita Apelthun Sæle () er ein norsk KrF-politikar.
Ho er utdanna med fagbrev i kontorfag 1970, Økonomisk gymnas 1973, Kristendom grunnfag, Universitetet i Oslo 1975. Handelshøgskolen BI 1990. Sæle har sidan 1971 vore gift med Norge idag-redaktør Finn Jarle Sæle. Saman har dei fire born, blant annan forretningsmannen Finn Ørjan Sæle og nettredaktør Trude Sæle (f. 1972).
Politikk Ho sat på Stortinget frå Hordaland frå 1993 til 2005 og vararepresentant i periodane 1981–1993. Føre stortingsvalet i 2005 tapte ho kampen om 2. plassen på Hordaland KrFs liste til fordel for Laila Dåvøy. Frå 2006 til 2008 var ho leiar av Kristeleg Folkepartis Kvinner, med fast plass i KrFs sentralstyre. Frå 2006 studerte ho leiing ved BI i Bergen.
I samband med kommune- og fylkestingvalet i 2007, freista ho å verta KrFs ordførarkandidat i Fjell kommune i Hordaland, men utan å lukkast blant sine eigne i nominasjonskampen.
Etter at ho vart vraka frå KrF si liste i 2005, gjorde einskilde småparti forsøk på å få henne til å stilla for dei, blant dei Kristent Samlingsparti og Kystpartiet. Desse avviste ho.
Sæle tilhøyrer den konservative fløya av KrF og har i tråd med dette markert seg med restriktivt syn på tradisjonelle merkesaker som motstand mot abort, assistert befruktning, alkohol, partnerskapsloven og felles ekteskapslov.«Mot homser, abort og alkohol». Ho reknar seg òg som «bibeltru» og som ein «Israel-ven» og har delteke i fleire støttemarkeringar for Israel og dei krigane landet har vore involvert i. Ho har òg teke til orde for å flytta den norske ambassaden i Israel til Jerusalem.«Hvem har krav på Jerusalem?
Ho var på slutten av 1990-talet involvert i kjedeforretningen Nature's Own. Etter at Justisdepartementet i 1998 fastslo at firmaet var ein ulovleg kjedeforretning vart det sett fram påstandar om at ho var involvert i ulovleg pyramidespel.«Familien Sæle - et lite stykke Norge». Sæle hevda sjølv at ho berre var kunde for selskapet og ikkje distributør.«Nature's Own brøt loven». Ho har sete i kretsstyret til Blå Kross i Bergen og er nestleiar i Hordaland Nei til Eu sidan 2005.
Stortinget 1997–2001 sekretær i Odelstinget. 2001–2005 medlem av Kommunalkomitéen. 2001–2005 medlem av Valkomitéen. 1997–2001 medlem av Kommunalkomitéen frå 22. mars 2000. 1997–2001 medlem av Næringskomitéen til 22. mars 2000. 1997–2001 varamedlem av Den utvida utanrikskomitéen. 1997–2001 medlem av Valkomitéen. 1993–1997 medlem av Justiskomitéen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anita Apelthun Sæle» frå , den 18. desember 2015.
Bakgrunnsstoff Stortinget.no – Biografi
Kategori:Folk frå Fjell Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:KrF-politikarar i Hordaland