Margith Johanne Munkebye () var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var stortingsrepresentant i fire periodar frå 1958.

Munkebyes yrkesbakgrunn var som kontordame og husmor. Ho var formann i Bodø Arbeidarungdomslag (AUF) frå 1930 til 1933 og i Sør-Salten distrikt av AUF frå 1945 til 1947. Frå 1951 til 1955 sat ho i Bodø bystyre.

Ho var Arbeidarpartiets første vararepresentant til Stortinget frå Nordland i perioden 1954–57. I denne perioden møtte ho i lange periodar, blant anna i Kolbjørn Varmann si statsrådstid. Munkebye vart fast representant frå 1958 til 1973. Dei tre første periodane var ho dels medlem av sosialkomiteen, dels av kommunalkomiteen. Den siste perioden sat ho i utanriks- og konstitusjonskomiteen. Denne perioden var ho òg medlem av Lagtinget. Ho var medlem av Europarådet og der i komiteen for flyktning- og folkesetnadsspørsmål frå 1965 til 1973.

Kjelder Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografier, Kunnskapsforlaget 1985.

Denne artikkelen bygger på «Margith Johanne Munkebye» frå , den 19. desember 2015.

Kategori:Folk frå Bodø Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap