Brit Karen Hoel () er ein norsk politikar (Ap). Ho vart innvald på Stortinget frå Aust-Agder i 1981 og sat i 16 år, til 1997. Lokalt var ho medlem av kommunestyret i Øyestad i perioden 1975 til 1979. Frå 1979 til 1983 var ho medlem av Aust-Agder fylkesting. Etter tida på Stortinget var ho medlem av Riksrevisjonen frå 2000 til 2002. Frå 2004 engasjerte ho seg i Landsamskipnaden for hjarte- og lungesyke med fleire sentrale verv. 23.10.11 vart Brit Hoel einstemmig vald til styreleiar for LHL nasjonalt.

Av utdanning hadde Høl realskole og handelsskole. Deretter jobba ho i butikk. Frå 1975 til ho kom på Stortinget jobba ho på kontor.

Stortingskomitéar 1993–1997 medlem i Utanrikskomitéen 1993–1997 medlem i Den utvida utanrikskomitéen 1993–1997 medlem i Valkomitéen 1989–1993 leier i Sosialkomitéen 1989–1993 varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1989–1993 medlem i Valgkomitéen 1985–1989 medlem i Sosialkomitéen 1985–1989 sekretær i Finanskomitéen 1985–1989 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1985–1989 medlem i Finanskomitéen 1985–1989 varamedlem i Valkomitéen 1981–1985 medlem i Finanskomitéen 1981–1985 varamedlem i Valkomitéen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brit Hoel» frå , den 19. desember 2015.

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi

Kategori:Folk frå Arendal Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap