Tarout eller Tārūt (arabisk جزيرة تاروت) er ei øy i Persiabukta som høyrer til Austprovinsen i Saudi-Arabia. Ho er knytt via to vegfyllingar til Qatif. Ho ligg seks kilometer frå kysten og er den lengste øya i Persiabukta etter Qeshmøya, og strekkjer seg frå Ra’s Tannurah i nord til Qatif i vest. Øya har eit areal på 70 kvadratkilometer og hadde eit folketal på 38 055 i 1992. Han består av byar og landsbyar, som sjølve Tārūt, Deyrah og Darīn.
Namnesoge Det gamle arabiske namnet på staden var visstnok 'Ishtarut (عشتروت). I den greske Geografia av Ptolemaios vert ho kalla Tharrō (θαρρώ). På eit kart i Geografia publisert på latinsk i 1578 står ho oppført som Tharro. I mellomalderen vart øya ofte kalla Dairin eller Daryn, etter ein av byane. Darīn er namnet på ei av hamnene på øya, og det er gjort forsøk i moderne tid på å døype øya om til Darīn.Mawqi' Jazīrat Tārūt på arabisk. Darinavtalen vart signert på øya i 1915 mellom Ibn Saud og Storbritannia.
Arkeologi Arkeologiske funn indikerer at øya har vore busett sidan 5000 fvt. og var seinare heimstad for folk frå sivilisasjonen Dilmun, akkadiarar, assyrarar og persarar. Seinare var ho okkupert av Persarriket, det islamske riket, portugisarane og seinare Det osmanske riket.
I 1959 oppdaga ein mann som reingjorde gata ein stein med ein sabeisk inskripsjon på seg. Den mest kjende lekamen som er funnen på Tārūt vart grave fram av danske arkeologar i 1968. Dei fann potteskar daterte attende til 4500 fvt. og andre frå 3000 fvt. Då kommunen Qatīf ønskte å byggje ei vegfylling til Tārūt i 1962 tok dei sand frå ein ås kalla Tell Rafī’ah, og fann lekamar frå steinalderen, inkludert keramikk og ein statue. Den siste oppdaginga var i 1993 på Tell Rafī’ah.
Ein har funne fleire ilåt på Tārūt av steatitt, særleg frå Tell Rafī'ah. Utforminga er særs kunstnarisk med avbilding av kattar, nakne menn og motiv knytte til sjø og fiske.Michael Rice, op cit. Steatittkjelda låg sørvest i Persia, men sjølve utforminga verkar å vere lokal.Michael Rice. Op cit.
Av dei gamle statuane ein har funne på Tārūt er ein av ein naken mann laga av ein mørk grå stein. Han vart funnen i 1950-åra av ein mann som pløydde marka si. Han er 94 cm høg og står på ein ærbødig måte med vide augo. Han er nesten heilt sikkert av sumerisk opphav, sjølv om han vart funnen kring 1000 km frå næraste byen i Sumer. Han er av særs høg kvalitet, men vart nesten øydelagd av overtruiske landsbybuarar, som trudde det hadde noko å gjere med andar (jinn), og skar han i to og hogde hovudet av han. Han er no restaurert og står i Nasjonalmuseet i Riyadh.Michael Rice: The Archaeology of the Arabian Gulf: C. 5000-323 BC. P. 221.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tarout Island» frå , den 22. desember 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Portugisisk fort på Taroutøya , Splendid Arabia
Kategori:Øyar i Saudi-Arabia Kategori:Arkeologiske funn i Saudi-Arabia Kategori:Fort i Saudi-Arabia Kategori:Tidlegare portugisiske koloniar Kategori:Øyar i Persiabukta Kategori:Fønikiske koloniar