Friedrich Wilhelm Heinrich Alexander von Humboldt () var ein prøyssisk geograf, naturforskar, oppdagingsreisande og talsmann for romantisk filosofi med stor innverknad. Han var den yngre broren av den prøyssiske ministeren, filosofen og lingvistikaren Wilhelm von Humboldt (1767 til 1835). Det kvantitative arbeidet med botanisk geografi la grunnlaget for feltet biogeografi. Humboldt argumenterte for langsiktige systematiske geofysiske målingar som la grunnlaget for moderne geomagnetiske og meteorologiske observasjonar.

I perioden 1799 til 1804 reiste Humboldt mykje i Latin-Amerika, utforska og skildra landa der for første gong frå eit moderne vitskapleg synspunkt. Reiseskildringane hans vart skrivne og publiserte i eit enormt omfang over 21 år. Humboldt var ein av dei første til å foreslå at landa som grensar mot Atlanterhavet var ein gong var føydd saman, spesielt Sør-Amerika og Afrika. Humboldt fann fram termen «kosmosma» frå gamalgresk og brukte det på fleirbindavhandlinga si, Kosmos, der han prøvde å sameina ulike greiner av vitskapleg kunnskap og kultur. Dette viktige arbeidet peika òg mot ei heilskapleg oppfatning av universet som éi eining i samspel.

Samanfatta biografi Humboldt vart fødd i Berlin i 1769 og arbeidde som ein offentleg tilsett i prøyssisk gruvedrift på 1790-talet fram til 1797. Etter det samla han vitskapleg kunnskap og utstyr.Jardine et al., Cultures of Natural History, s. 288 Den materielle velstanden gjorde han i stand til å skaffe ei omfattande samling av vitskaplege instrument og verktøy, og dessutan eit innhaldsrikt bibliotek. Med offisielt løyve frå Karl IV av Spania, drog Humboldt til Sør-Amerika og Ny-Spania i 1799, der han bar med seg samlinga av utstyr og bøker. Føremålet med reisa var gjennomsyra av romantikken, Humboldt meinte å undersøkje korleis naturkreftene samhandlar med kvarandre og å finne ut av naturen som ei eining. Tilbake til Europa i 1804 vart han hylla som ein offentleg helt. Detaljane og funna frå Humboldt si ferd vart publisert i hans Personal Narrative of Travels to the Equatorial Region sin of the New Continent (30 band). Charles Darwin tok med seg verket på den berømte ferda si med HMS «Beagle».Cannon, Science in Culture, s. 86

Resten av livet heldt Humboldt seg hovudsakleg i Europa, sjølv om han gjorde ein kort ekspedisjon til Sibir og dei russiske steppene i 1829. Humboldt sitt siste verk vart Kosmos: Entwurf einar physischen Weltbeschreibung. (Kosmos. Skisse til ei skildring av det fysiske universet). Boka skildrar i hovudsak utviklinga av ei livskraft frå kosmos, men inkluderte òg danninga av stjerner frå nebularskyer, og dessutan geografi for planetane. Alexander von Humboldt døydde i 1859 medan han jobba på det femte bandet av Kosmos.

Gjennom reisene til Sør-Amerika og med nedteikna observasjonar i An Essay on the Geography of Plants , og dessutan verket Kosmos, synte han ein viktig trend gjennom observasjonsteknikkane, nytte av vitskaplege instrument, og unikt perspektiv på naturen. Vitskapen hans byggjer på eit prinsipp om generell likevekt av krefter. Generell likevekt var ideen om at det finst uendeleg krefter i naturen som er i konstant konflikt, men slik at alle krefter balanserer kvarandre ut. Humboldt la tilrette for framtidige vitskaplege retningar, ved å stadfeste viktigheita av å studere organismar og miljøet deira i ei samankopla eining.Cannon, Susan Faye. 1978. Science in culture: the early Victorian period. Kent, Eng:Dawon.

Tidleg liv Humboldt vart uteksaminert frå Bergakademie Freiberg i 1792 og vart utnemnd til inspektør i gruvedepartementet.De Terra, Humboldt, s. 53. I løpet av perioden som gruveinspektør, uttrykte Humboldt djup otte for gruvearbeidarane. Han opna ein gratis skole for dei, finansiert av eigne middel, noko som vart ein uoffisiell skole for arbeidskraft. Han søkte òg å etablere eit naudhjelpsfond for gruvearbeidarar, for hjelp i samband med ulykker.De Terra, Humboldt, s.54-55.

Humboldt si forsking om vegetasjonen i gruvene i Freiberg resulterte i publikasjonen Fribergensis, accedunt Aphorismi ex Doctrina, Physiologiae Chemicae Plantarum frå 1793, ei oppsummering av forskinga hans i botanikk.Wilson, "Alexander von Humboldt: A Chronology", p. lxvii. Denne utgjevinga førte til at Johann Wolfgang von Goethe, som hadde møtt Humboldt i familieheimen då Alexander var ein gut, blei merksam på Alexander von Humboldt. Goethe var no interessert i å møte den unge forskaren for å diskutere metamorfose av planter.De Terra, Humboldt, s. 18, 57. Møtet innleidde eit livslangt venskap mellom dei to; Goethe var ein sentral figur i tysk litteratur, men òg djupt interessert i vitskap.

I 1794 blei Humboldt akseptert av den berømte gruppa av intellektuelle og kulturelle leiarar av Weimar-klassisismen. Goethe og Schiller var nøkkelpersonar på den tida. Humboldt bidrog i juni 1795 i Schiller sitt nye tidsskrift Die Horen, ein filosofisk allegori nemnd Die Lebenskraft, oder der rhodische Genius.

I 1792 og i 1797 var han i Wien; i 1795 gjorde han ein geologisk og botanisk tur gjennom Sveits og Italia. Jamvel om han sjølv berre såg statstenesta som ein læreplass for vitskapleg arbeid, utfylte han oppgåvene sine i ein grad som ikkje berre medførte ei snøgg gradstiging i karrieren, men han vart òg tiltrudd fleire viktige diplomatiske oppdrag.

Etter at mora døydde i 1796, vart Humboldt i stand til å bruke meir tid på å skrive ned forskingsresultat. Han hadde brukt sin eigen kropp til eksperimentering på muskelirritabilitet, og publisert resultata, Versuche über die gereizte Muskel- und Nervenfaser, i Berlin, 1797.

Den latinamerikanske ekspedisjonen 1799-1804 mini|høgre|Alexander von Humboldt Latin-Amerika-ekspedisjon Humboldt rådde over økonomiske ressursar til å finansiere vitskaplege reiser, og han søkte etter eit skip til ein stor ekspedisjon. Saman med den franske botanikar og fysikar Aimé Bonpland bad han den spanske krona om fullmakt til å reise i spansk Amerika. Under Hapsburg-monarkiet hadde Spania vakta seg mot framandreisande og inntrengjarar i Amerika, men det var viktig for utfallet av søknaden at han hadde eiga finansiering, og dei fekk positiv respons frå krona.

Venezuela 1799-1800 mini|høgre|Humboldt og Bonpland i regnskogen i Amazonas ved Casiquiarekanalen, utstyrt med vitskaplege instrument, noko som gjorde dei i stand til å ta mange typar nøyaktige målingar gjennom fem års ferd. Oljemåleri av Eduard Endar, 1856

Utstyrt med løyve frå kongen av Spania, skunda Humboldt og Bonpland seg til å segle frå A Coruña med skipet «Pizarro» den 5. juni 1799. Skipet stoppa seks dagar ved Tenerife, der Humboldt klatra vulkanen Teide. Deretter segla dei til «den nye verda», med landing ved Cumaná, Venezuela, den 16. juli.

Cunamá var ikkje det planlagde reisemålet, men eit utbrot av tyfus om bord gjorde at kapteinen endra kurs frå å segla mot Havana til å gå mot land i det nordlege Sør-Amerika. Humboldt hadde ikkje nokon konkret plan for eksepdisjonen, så omgjeringa av ruta endra ikkje ei fastlagt ferdselsrute. Han skreiv seinare at endringa til Venezuela mogleggjorde undersøkingane langs Orinoco sør til grensa av portugisisk Brasil. Nær kysten av Sør-Amerika møtte «Pizarro» to store kanoar, kvar med 18 waikerí-indianarar. Kapteinen aksepterte tilbodet om at ein av dei kunne tene som ein kystlos. Humboldt leigde så denne personen, Carlos del Pino, som gaid i Venezuela.De Terra, Alexander von Humboldt, s. 91-92.

Humboldt vitja kapusinarordenen sin misjonsstasjon i byen Caripe i Monagas,Humboldt i Personal Narrative kap. 7 og utforska Guácharo-grotta, der han observerte feittfuglar,De Terra, Alexander von Humboldt, s. 98. skildra med det vitskaplege namnet Steatornis caripensis. Han heldt fram med Bonpland til Caracas, der han klatra El Ávila-fjellet saman med den unge poeten Andrés Bello, ein tidlegare rettleiar for Simón Bolívar, som seinare vart leiar for det nordlege Sør-Amerika.

I februar 1800 forlét Humboldt og Bonpland kysten med det føremålet å utforske løpet av Orinoco-elva med sideelvar. Turen gjekk gjennom 2776 km vilt og stort sett land utan busetnader, og lokaliserte Casiquiarekanalen, ein bifurkasjon av elvene Orinoco og Amazonas. Reisa varte i fire månader og dei etablerte den nøyaktige plasseringa av elvebifurkasjonen, i tillegg til å dokumentere livet til fleire innfødde folkeslag som maipures. Rundt 19. mars 1800 oppdaga Humboldt og Bonpland farlege elektriske ålar, som er i stand til å drepe menneske. For å fanga dei, foreslo lokale folk å drive ville hestar ned i elva, noko som resulterte i ein valdeleg konfrontasjon mellom ål og hestar, der nokre hestar blei drepne. Humboldt og Bonpland fanga og dissekerte nokre ålar, som heldt på evna si til å skape elektriske sjokk; og begge blei råka av potensielt farlege elektriske støyt under undersøkingane sine. Møtet medførte at Humboldt tenkte djupare over fenomen som elektrisitet og magnetisme, typisk for evna hans til å ekstrapolere frå ein observasjon til meir generelle prinsipp.Wulf, The Invention of Nature, s. 62-63. Boka syner eit bilete av fangsten (s. 63), undertekst "The battle between horses and electric eels." Humboldt refererte fleire gonger tilbake til denne hendinga i seinare arbeid, inkludert reiseskildringa Personal Narrative (1814–29), Views of Nature (1807) og Aspects of Nature (1849).sitert i Wulf, The Invention of Nature, s. 362, n. 62.

Humboldt tok livet av myten om eksistensen av ein innsjø kalla Parime, ved å foreslå at sesongmessig flaumvatn på Rupununi-savannen tidlegare hadde blitt feilaktig tolka som ein innsjø.Humboldt i Personal Narrative kap. 25

Cuba 1800 og 1804

Etter å ha komme i hamn på Cuba den 19. desember 1800, møtte dei plantesamlaren og botanikaren John Fraser.Brendel, Frederick, Historical Sketch of the Science of Botany in North America from 1635 to 1840, The American Naturalist, 13:12 (December 1879), pp. 754–71, The University of Chicago Press; accessed 31 July 2012. Fraser og sonen hans hadde forlist utanfor den cubanske kysten, og mangla løyve til å vere i «spansk India». Humboldt medverka til at Fraser fekk løyve til å halde fram forskingsarbeid på Cuba.

Humboldt blir vurdert som den «andre oppdagaren av Cuba» på grunn av vitskapleg og samfunnsforsking han gjennomførte i den spanske kolonien. Gjennom dei første tre månader i Havana, undersøkte dei byen og dei nærliggande byane Guanabacoa, Regla og Bejucal. Han vart ven med cubanske grunneigar og tenkjaren Francisco de Arango y Parreño; saman dei vitja Guines-området i sørlege Havana, Matanzas-dalen, sukkerplantasjane ved Trinidad. På den tida hadde desse tre områda første sukkerproduksjonen på øya. Humboldt samla statistisk informasjon om Cubas folkesetnad, produksjon, teknologi og handel på desse turane. Han spådde at landbruket og det kommersielle potensialet på Cuba var stort og kunne bli vesentleg betra med rett leiarskap i framtida.

Humboldt og Bonpland heldt seg på Cuba til 5. mars 1801, då dei forlét for å segle mot fastlandet i det nordlege Sør-Amerika igjen.

På veg tilbake til Europa i 1804, gjekk Humboldt og Bonpland innom Cuba for andre gongen. Her samle dei plantematerialar og gjorde omfattande notat. Humboldt sosialisert seg med vitskapsfolk og grunneigarar, utførte mineralogiske undersøkingar og gjorde ferdig den store samlinga av flora og fauna frå øya som han seinare publiserte som Essai politique sur l'îsle de Cuba."Alexander von Humboldt Chronology", s. lxix.

Andes 1801-1803 mini|350px|Humboldt og Aimé Bonpland ved foten av ChimborazoMåleri av Friedrich Georg Weitsch (1810)