Harry Belafonte () var ein jamaicansk-amerikansk songar og skodespelar. Han var særleg kjend for å ha gjort den melodiøse og rytmiske calypso-musikken frå dei karibiske øyane verdskjend på 1950- og 1960-talet, men han song òg balladar, viser, negro spirituals, musikalnummer og anna, framført med ein karakteristisk mjuk og varm stemme. Belafonte brukte òg kjendisstatusen sin for å fronte kampen for menneskerettar.
Liv og virke
Bakgrunn
mini|upright|venstre|Harry Belafonte som glad calypsosongar i typisk sceneantrekk (1954) mini|Dei amerikanske skodespelarane Harry Belafonte (i midten), Sidney Poitier og Charlton Heston ved Lincoln Memorial i Washington DC under ein borgarrettsmarsj i 1963. mini|upright|Den 83-årige Harry Belafonte frå premieren på Sing Your Song, dokumentarfilmen om han, under Filmfestialen i Berlin i februar 2011.
Belafonte vart fødd i Harlem i New York City som son av Harold George Bellanfanti sr. frå Martinique og Melvine frå Jamaica. Belafonte fekk namnet Harold George Bellanfanti jr. etter faren. Frå 1932 til 1939 budde han hos bestemora på Jamaica.
Etter opphaldet på Jamaica kom han attende til New York, der han gjekk på George Washington High School, deretter gjekk han inn i US Navy under andre verdskrigen. Belafonte var ei aktiv støtte av den amerikanske borgarrettsrørsla og var sidan særs involvert i veldedigheitsarbeid og politisk aktivisme.
Karriere På slutten av 1940-talet gjekk han på teaterskole og fekk deretter jobb ved ulike teater. For innsatsen sin i musikalen Almanac vann han ein Tony, som vert sagt å vera teateret sin Oscar.
Harry Belafonte er kanskje mest kjend for sin fremføring av «Banana Boat Song», med det kjende uttrykket «Day-O». Gjennombrotalbumet hans Calypso (1956) var det første albumet som selde over 1 million eksemplar. Han var den første afro-amerikanaren som vann ein Emmy-pris, med det første TV-programmet sitt Tonight with Belafonte.
Harry Belafonte har i tillegg til å spela inn ei mengd plater og heldt konsertar. Han spelte òg fleire rollar på teater, i filmar og i fjernsynsproduksjonar. I 2000 vart han tildelt Grammy Lifetime Achievement Award for bidraga sine i platebransjen. Han har dessutan blant anna fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Belafonte er innehavar av den sørafrikanske Ordenen O. R. Tambos følgjevener.
Harry Belafonte var ein nær medarbeider av Martin Luther King jr. på 1960-talet og bidrog økonomisk til hans borgerettighetkampanjer. Belafonte er òg vorte utnemnd til goodwill-ambassadør for UNICEF.
Belafonte har dei siste åra markert seg som skarp motstandar av amerikansk utanrikspolitikk.
I 2011 kom Sing Your Song, ein dokumentarfilm om Harry Belafontes karriere og liv.
Ei av døtrene til Harry Belafonte, Shari Belafonte, er fotograf, skodespelar og modell.
Plateutgjevingar 1954: "Mark Twain" and Other Folk Favorites 1955: Three for Tonight (Original Soundtrack) 1956: Belafonte 1956: Calypso 1957: Belafonte Sings of the Caribbean 1957: Evening with Belafonte 1958: Belafonte Sings the Blues 1958: Presenting the Belafonte Singers 1959: Belafonte at Carnegie Hall 1959: Cheers: Drinking Songs Around the World 1959: Love Is a Gentle Thing 1959: Porgy & Bess 1960: Belafonte Returns to Carnegie Hall 1960: My Lord What a Mornin' 1960: Swing Dat Hammer 1961: At Home and Abroad 1961: Jump Up Calypso 1962: Many Moods of Belafonte 1962: Midnight Special 1962: To Wish You a Merry Christmas 1963: Streets I Have Walked 1964: Ballads, Blues and Boasters 1964: Belafonte at the Greek Theatre 1965: An Evening with Belafonte/Makeba 1966: An Evening with Belafonte/Mouskouri 1966: Belafonte-En Gränslös Kväll På Operan (An Evening Without Borders at the Operahouse) 1966: Calypso in Brass 1966: In My Quiet Room 1967: Belafonte on Campus 1968: Belafonte Sings of Love 1969: Homeward Bound 1970: By Request 1970: Harry & Lena 1971: Calypso Carnival 1971: Warm Touch 1972: Belafonte...Live! 1973: Play Me 1974: Belafonte Concert in Japan 1977: Turn the World Around 1981: Loving You is Where I Belong 1988: Paradise in Gazankulu 1989: Belafonte '89 1991: Tradition of Christmas 1993: Live in Concert at the Carnegie Hall 1997: An Evening with Harry Belafonte & Friends 1999: At Carnegie Hall 2001: The Long Road To Freedom, An Anthology
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Harry Belafonte» frå , den 5. februar 2016.
Bakgrunnsstoff
Harry Belafonte på Internet Movie Database Lenker til sider om Harry Belafonte Belafontes tale i San Francisco ved utdelinga av Global Exchange Human Rights Award i 2004 -
Kategori:Afroamerikanarar Kategori:Emmy-vinnarar Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:Folk frå New York City Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar