Carl Norbeck () var ein norsk brytar og sirkusmann frå Ullensaker.

Han var son til ein gardbrukar på Nordbekk i Ullensaker. Etter å ha vore ni år i USA reiste han heimatt til Noreg og var dei neste åra med i ei rad profesjonelle brytetevlingar, tevlingar som la grunnlaget for at bryting slo rot som idrett i Noreg.

I 1905 starta Norbeck opp eit sirkus som han dreiv heilt fram til 1929. Han var elles mykje interessert i travsport. Ved stortingsvalet 1927 var han ein av framgrunnsfigurane i Den Nasjonale Legion, ei politisk gruppering som var sterkt mot arbeidarrørsla. Norbeck testamenterte «store summar til velgjerdsføremål».

Kjelder

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958

Kategori:Norske brytarar Kategori:Sirkus Kategori:Folk frå Ullensaker