Jørgen Hanssen Gunnestad () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Våle i Vestfold. Han representerte partiet Høgre på Stortinget i tida 1913-21.

Gunnestad var son til ein gardbrukar i Våle. Han tok eksamen ved borgarskulen i Holmestrand i 1879, og ved Jarlsberg amtsskule året etter. Frå 1879 var han lennsmannsdreng og sidan lensmannfullmektig. Han arbeidde så på farsgarden, som tok over i 1888.

Gunnestad var medlem av heradsstyret i 15 år og disponet for Holmestrand meieri. I tre stortingsperiodar frå 1913 til -21 representerte han einmannskrinsen Skoger på Stortinget, vald på Høgre sitt program. Han var medlem i Tollkomiteen i dei to fyrste treårsbolkane, i den siste bolken var han medlem i Landbrukskomiteen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Jarlsberg og Larviks amt Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Folk frå Re