Lars Oskar Hauge () er ein norsk sjakkspelar, Stormeister i sjakk.

Internasjonal Meister i sjakk Lars Oskar Hauge tok sitt første IM-napp i ei turnering i Sitges, Spania i juli 2013 med 6 poeng på 9 rundar, eit heilt poeng over IM-kravet. Han tok deretter eit IM-napp i eliteklassa i Noregsmeisterskapen i sjakk i Trondheim i juli 2014, med 5 poeng på 9 rundar. Det tredje IM-nappet kom i EM for klubblag i september 2014, men dette var berre på 7 parti, og var dermed ikkje nok.Resultatet i EM for klubblag i september 2014 Det siste avgjerande IM-nappet kom deretter i ei turnering på Gibraltar i månadsskiftet januar-februar 2016, med 5 poeng på 10 rundar. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 oppfylte han allereie pr. 1. juli 2015 med 2411.Søknaden om IM-tittel for Lars Oskar Hauge frå Norges Sjakkforbund Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet på FIDE Presidental Board i Moskva 28-29. mars 2016.Tittelgodkjenningar FIDE Presidental Board 28-29.mars 2016

Stormeister i sjakk Lars Oskar Hauge tok sitt tredje og avgjerande napp i stormeister-tittelen i EM i sjakk for landslag i Slovenia i november 2021, med 5,5 poeng på 9 rundar mot sterk motstand.http://chess-results.com/tnr583987.aspx?lan=1&art=20&turdet=YES&flag=30&snr=24Certificate of title result Dei to første nappa i tittelen klarte han også i lagturneringar: Den norske eliteserien 2018-2019Certificate of title result og Allsvenskan 2019-2020Certificate of title result.https://bergensjakk.no/2021/11/22/em-for-landslag-2021-9-runde/ Kravet om eigen rating på over 2500 hadde han både klart tidlegare, og også no som følge av dette sterke resultatet.Søknaden om stormeister-tittel for Lars Oskar Hauge frå Norges Sjakkforbund. Lars Oskar Hauge vart utnemnd til Noregs 17. stormeister i sjakk av verdssjakkforbundet FIDE på General Assembly 28. desember 2021.Godkjenninga framgår av "decisions" nedst på spelarkortet.

Bakgrunnsstoff Lars Oskar Hauge si spelarside hos FIDE Lars Oskar Hauge sine parti hos NorBase Lars Oskar Hauge sine sjakkparti hos Chessgames.com

Fotnotar

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Fødde i 1998 Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar