Tom Rüsz Jacobsen () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Tjølling i Vestfold. Han var målvakt og spelte 26 landskampar for Noreg i tida 1975-83. Etter tur var Jacobsen burvaktar i IF Fram frå Larvik, Bryne FK og Vålerenga i Oslo. Med Vålerenga sikra han seg tre seriegull og ein kongepokal.
Klubbspel Jacobsen var aktiv i Halsen IL før han gjekk til tredjedivisjonslaget Fram i 1972. Fram rykte i hans tid opp i 2. divisjon, men han er den siste frå nivå tre i norsk klubbfotball som har spelt på det norske landslaget (bortsett frå Roy Amundsen). I 1978 og -79 spelte han på Bryne i 1. divisjon. Jacobsen vart overført til Vålerenga før 1980-sesongen for rekordsummen 100 000 kroner. I sin fyrste sesong med oslolaget vart han cupmeister då VIF vann over Lillestrøm Sportsklubb med 4–1 i finalen. Sidan vart han seriemeister tre gongar; 1981, 1983 og 1984. Etter 100 seriekampar i Vålerenga-drakt gjekk han tilbake til Fram og vakta målet for laget i 3. divisjon frå 1985 til 1987. Deretter var han spelande trenar i Langesund IF og rykte opp med klubben frå 4. til 3. divisjon i 1988.
Landslagsspel Jacobsen debuterte på landslaget i 1975, i ein kamp mot Sovjetunionen som enda med 0-4, medan han spelte for tredjedivisjonsklubben Fram. Fyrst i sin åttande landskamp opplevde han at nokon av lagkameratane på Noreg makta skåre et landskampmål. Jacobsen gjorde sin beste landskamp då Noreg vann 2–1 over Sveits i Bern, då han vart tildelt 10 poeng på VG-børsen. Han fekk gullklokka i sin 25. landskamp sommaren 1983 mot Bulgaria, og spelte ein landskamp til.
Merittar Noregsmeister: 1980 med Vålerengen Seriemeister: 1981, 1983 og 1984 med Vålerengen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tom R. Jacobsen» frå , den 24. april 2016.
Sportsboken, aktuelle årgangar.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Bryne-spelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Folk frå Larvik