mini|400px|Prinsippskisse av ei hengebru. Hengebru eller hengjebru er ei bru hengd opp i kjettingar eller kablar som er spende ut mellom høge pilarar eller tårn.

Konstruksjon mini|venstre|Enkel hengebru i Zillertal-Alpane. mini|Askøybrua i Bergen. Dei opphavlege hengebruene var laga av berre tauverk og tre, utan avstivingsberar. Slike primitive hengebruer kan lett koma i svinging. Dei er spende ut mellom to høge punkt og heng ned i ein boge mot midten. Moderne hengebruer er laga med avstivingsberarar, brubjelkar som er hengde opp i berekablar. Medan berekablane bøyer seg ned, er sjølve brua flat eller stigande mot toppen.

Når ein byggjer ei moderne hengebru strekk ein først berekablane over tårna. Berekablane blir forankra i grunnen, til dømes ved å sprengast inn i berg, eller til ein annan massiv konstruksjon. Ein byrjar monteringa av brubanebjelken med midtseksjonen og fortset symmetrisk mot tårna på kvar side.

Sidan tårna stort sett tar opp vertikale trykkrefter, og får god støtte frå hovudkablane, kan dei vera ganske slanke – som ved Severn-brua nær Bristol i England. Hengebruer har vanlegvis minst to tårn, men det finst også bruer med berre eitt tårn, til dømes Kjerringvikstraumen bru.

Historie mini|Luding-brua i Sichuan.

Enkle hengebruer er kjende både frå Sør- og Sentral-Amerika, særleg knytt til Inkariket, og frå Himalaya-regionen. Svært enkle hengande taubruer kunne vera av tau eller lianar der ein gjekk på eitt tau og heldt seg i eitt eller to andre. Eit meir stabilt underlag fekk ein når ein la plankar oppå to kablar.Needham, Joseph. (1986d). Science and Civilization in China: Volume 4, Physics and Physical Technology, Part 3, Civil Engineering and Nautics. Taipei: Caves Books Ltd. ISBN 0-521-07060-0, 187–189.

I Tibet og Kina tok ein i bruk jernkablar til å laga hengebruer, med ei slik bru over Yangtze tidfest til 600-talet. Den tibetanske munken Thang Tong Gyalpo skal ha bygd fleire jernbruer på 1400-talet, som Chakzam-brua med eit berekna spenn på rundt 137 meter. Luding-brua i Sichuan frå 1703 har eit spenn på 100 meter og heng framleis.

mini|venstre|Presentasjon av James Finley si Chain Bridge. På 1800-talet byrja ein utvikla moderne hengebruer som kunne bera tyngre køyretøy. Jacob's Creek Bridge i Westmoreland County i Pennsylvania frå 1801 var den første slike brua i USA. Ho blei utforma av James Finley, som tok patent på konstruksjonen i 1808. Brua blei skadd i 1825 og erstatta av ei trebru i 1833.

mini|Diagram av brua over Menai-sundet som ein byrja bygga ved Bangor i Wales i 1820.

I Storbritannia var tidlege suksessar Union-brua over Tweed-elva (1820) med eit spenn på 137 meter, og Menai-brua frå 1826 med eit spenn på 176 meter, «den første viktige moderne hengebruar».Encylopaedia Britannica

Ved å bruka ståltau som kablar kunne ein utvida spennet att. Brooklynbrua i New York frå 1870–83 har eit spenn på 486 meter. Ho blei utforma av brupioneren John A. Roebling, som også bygde ei toetasjes bru over Niagara i 1855. Dette var den første verksame hengebrua for jernbane.

Nokre hengebruer mini|Brooklyn Bridge i New York er ei av dei eldste hengebruene i USA

Akashi-Kaikyo-brua i Japan. 1991 meter Xihoumen i Kina. 1650 meter Storebæltbrua i Danmark. 1624 meter Yi-Sun sin i Sør-Korea. 1545 meter Runyang i Kina. 1490 meter Nanjing-Yangtze i Kina. 1418 meter Humber-brua i England. 1410 meter Jiang-yin i Kina. 1390 meter Tsing Ma-brua i Hongkong. 1377 meter Golden Gate Bridge i San Francisco. 1280 meter Akinada-brua i Hiroshima Chelsea-brua i London Brooklyn-brua i New York. 486 meter

I Noreg mini|Hardangerbrua Hardangerbrua i Hardanger. 1310 meter (den lengste hengebrua i Noreg) Gjemnessundbrua i Gjemnes. 1257 meter Askøybrua ved Bergen. 850 meter Osterøybrua ved Bergen. 595 meter Sotrabrua ved Bergen. 468 meter Lysefjordbrua i Forsand. 446 meter Gamle Varoddbrua i Kristiansand. 337 meter Tromøybrua i Arendal. 240 meter Fyksesundbrua i Hardanger. 230 meter Alversund bru i Lindås. 198 meter

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hengebru» frå , den 7. mai 2016.

Delar av denne artikkelen bygger på «Suspension bridge» frå , og «Simple suspension bridge» frå den 8. mai 2016.

Kategori:Bruer