mini|Ehrwald sett frå Zugspitze. Bak til venstre Biberwier, til høgre Lermoos
Ehrwald er ein kommune i distriktet Reutte i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 49,4 km² med nær 2 600 ibuarar i 2016. Omframt landsbyen Ehrwald, 984 meter over havet, ligg også landsbyen Obermoos og fire grender i kommunen. Både i nord og aust grensar kommunen mot delstaten Bayern og Tyskland. Frå Obermoos går mot aust ei 3,6 km lang svevebane til toppen av Zugspitze, grensefjellet mellom Ehrwald og Bayern som er Tysklands høgste fjell.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ehrwald» frå , den 16. mai 2016.
Kategori:Kommunar i Tirol