Dammaj (arabisk دماج) er ein liten by i Sa'dah guvernement nordvest i Jemen, søraust for Sa'dah i ein dal med same namn.
Muqbil bin Hadi al-Wadi'i grunnla Madrasah Dar al-Hadith i Dammaj i 1979, eit viktig læresenter for salafi-sunniar. Terrorisme og ekstreme meiningar om islam er strengt forbode i Dar-al-hadith og har blitt kritisert og åtvara mot av Madrasah-leiarane.
Byen var senter for omleiringa av Dammaj og i november 2013 var det fleire valdshandlingar mellom militante frå den Houthi-leia sjia-rørsla og sunni-salafistar. Kring 50 personar vart drepne då den andre veka av kampane starta. Seint i november eksploderte ei mine då eit militærkjøretøy passerte, og tok livet av to jemenittiske soldatar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dammaj» frå , den 31. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Saada guvernement Kategori:Salafi-rørsla