Owen Lee Hargreaves () er ein kanadisk-britisk fotballspelar fødd i Calgary i delstaten Alberta i Canada. Han spelte 42 landskampar for England i tida 2001-08. Midtbanespelaren Hargreaves vann meisterligaen både med Bayern München og Manchester United.

Karriere Klubbspel Hargreaves spelte på Bayern München i sju sesongar frå sommaren 2000. Allereie i sine fyrste sesong var han med å vinne meisterligaen og bundesliga. Sesongane 2003, 2005 og 2006 sikra han og laget seg dobbeltsigrar i bundesligaen og den nasjonale cupmeisterskapen i Tyskland.

Sommaren 2007 vart Hargreaves overført til engelske Manchester United. I sin fyrste sesong i klubben vart han både ligameister og meisterligameister. Vedvarande skadeplagar gjorde at han sidan sjeldan kom på bana før kontrakten hans gjekk ut i 2011. Etter ein sesong som benkeslitar i Manchester City la han opp i 2012.

Landslagsspel Hargreaves debuterte på England sitt landslag i august 2001. Både i fotball-VM 2002, EM 2004 og VM 2006 fekk han plass på defensiv midtbaneplass hos England, utan at laget hadde suksess i nokon av meisterskapane. Våren 2008 spelte han sin 42. og siste landskamp då USA gjesta London. Han kom aldri på skåringslista for England.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Owen Hargreaves» frå , den 9. juni 2016.

eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006