«Killer Queen» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Det var den første store internasjonale hitten deira, og nådde andreplassen i Storbritannia og 12. plassen i USA. Han var skriven av frontmannen Freddie Mercury og kom ut på det tredje albumet deira, Sheer Heart Attack, og seinare på det første samlealbumet deira, Greatest Hits.Queen: Greatest Hits Allmusic. Henta 10. juni 2016

Songen handlar om ein luksusprostituert. Han har blitt skildra som «Mercury sin pianodominerte hymne til ein Moët-drikkande kurtisane». AllMusic skildra songen som den byrjinga på «radiostilen» til Queen, og «sender minnene attende til gamle kabaret-songar, men syner òg korleis Queen raskt vart meistrar av power pop». Rockehistorikaren Paul Fowles har skrive at «Killer Queen», med sine «sjuskete Paris-aktige bilete», lèt Mercury «unike rocketeater» få «frie tøylar». Songen vann Mercury hans første Ivor Novello-pris.

Bakgrunn og utgjeving Då han kom ut som singel, vart «Killer Queen» det store gjennombrotet til Queen med ein andreplass i Storbritannia og 12. plass i USA.Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard BooksRoberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited Han vart gjeven ut som ei dobbel A-side i Storbritannia, USA og Canada (der han nådde 15. plassen på RPM 100),Top Singles - Volume 23, No. 14, 31. mai 1975 Library and Archives Canada med songen «Flick of the Wrist». I 1986 vart han gjeven ut som B-side til «Who Wants to Live Forever».Who Wants To Live Forever Ultimate Queen. Henta 19. mai 2016 Songen var eit steg til side for dei tyngre songane frå dei to første albuma til bandet, i tillegg til byrjinga på ein meir stilmessig tilnærming til låtskrivinga. Samstundes hadde «Killer Queen» essensen i Queen-stilen, særleg dei grundige vokalharmoniane. I følgje magasinet Q er gitarsoloen på «Killer Queen», den nest beste gjennom tidene.

Mercury har sagt at han skreiv teksten før melodien og musikken, noko han vanlegvis gjorde motsett veg. Innspelinga består av omstendelege firedelte harmoniar (særleg i refrenga), og i koret på versa. og ein gitarsolo i fleire spor av Brian May. Det første verset i songen inneheld eit sitat som ofte (feilaktig) er sagt å kome frå Marie Antoinette: «Let them eat cake,» she says, Just like Marie Antoinette. Melodien liknar ein kjend fransk song frå 1800-talet, kalla «Les Champs-Élysées», som igjen er basert på ein engelsk song kalla «Waterloo Road».

Innspeling Utanom flygelet, speler Mercury på eit vanleg piano, for å gje songen ein varieté-stil. På eit tidspunkt er det to markante bassgitarlinjer. I motsetnad til dei to første Queen-albuma, vart songen delvis spelt inn utafor England, i Rockfield Studios i Wales.Mark Hodkinson Queen: The Early Years Omnibus Press 2004. Henta 10. juni 2016

Konsertversjonar Songen vart spelt på konsertane deira frå 1974 til 1978 som ein del av ein medley. I 1974-75 vart songen spelt etter «In the Lap of the Gods», og i 1975–76, vart songen spelt etter «Bohemian Rhapsody» medan «The March of the Black Queen» vanlegvis følgde. I 1977 vart songen spelt som introduksjonen til ein medley, etterfølgd av «Good Old-Fashioned Lover Boy», og i 1978 før «Bicycle Race».Queen live on tour: Jazz Queen Concerts. Henta 30. august 2011 I 1979 spelte bandet det meste av songen, og etter gitarsoloen var over, opningstaktane av «I'm in Love with My Car».Queen Rock Montreal Killer Queen Ultimate Queen. Henta 10. juni 2016 Songen vart spelt i Montreal Forum i Quebec i Canada i november 1981, og vart gjeven ut på konsertalbumet Queen Rock Montreal.Queen Rock Montreal Allmusic. Henta 10. juni 2016 I 1984 og 1985, under The Works-turneen, vart han igjen spelt i ein medley med ein forkorta versjon av «Somebody to Love».Queen live on tour: The Works 1984 Queen Concerts. Henta 10. juni 2016 Seinare laga dei ein video av opptaket deira frå 974 på Top of the Pops.

I 2015 vart han spelt i ein medley med «Bohemian Rhapsody» på Queen & Adam Lambert Rock Big Ben Live av Queen + Adam Lambert.

Slutten på songen vart aldri spelt på konsert av Queen.

Ettermæle Den amerikanske popsongaren Katy Perry har nemnt «Killer Queen» som ei viktig inspirasjonskjelde og sa «Eg oppdaga musikk med Queen-songen 'Killer Queen' og han var medverkande til at eg fann meg sjølv som 15-åring. Måten Freddie Mercury formidlar teksten fekk meg til å kjenne meg som ei sjølvsikker kvinne»

Lister

Vekeslister Liste (1974–75)PlasseringAustraliahttp://australian-charts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=3509224Austerrike10Belgia 4Canadian RPM Top Singles15Nederland3Frankrike10Tyskland12Irland2Noreg4UK2U.S. Billboard Hot 10012U.S. Cash Box Top 10012WLS survey (Chicago)1

Årslister Liste (1974)PlasseringUKhttp://www.uk-charts.top-source.info/top-100-1974.shtml27

Liste (1975)PlasseringAustralia 105Canada132U.S. Billboardhttp://www.musicoutfitters.com/topsongs/1975.htm78WLS survey (Chicago)http://www.oldiesloon.com/il/wls89of75.htm6

Salstrofé

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano, knipsing Brian May - elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor - trommer, perkusjon, korvokal John Deacon - bassgitar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Killer Queen» frå , den 10. juni 2016.

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Glamrock-songar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Queen-songar Kategori:Songar produserte av Roy Thomas Baker Kategori:Songar om prostitusjon Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury