Friedrich Wilhelm August Argelander () var ein tysk astronom.
Han var direktør for Åbo observatorium i 1823, for Helsingfors observatorium i 1827 og for observatoriet i Bonn i 1837.
Argelander fullførte i 1862 katalogen Bonner Durchmusterung med tilhøyrande atlas. Her er det gjeve posisjon og lysstyrke for 324 000 stjerner. Alle målingane var utført av han sjølv, og observasjonane tok 25 år. Han er òg kjent for det grunnleggande arbeidet over variable stjerner. I 1844 skildra han ein enkel metode, trinn-metoden, for visuell samanlikning av lysstyrken til variable stjerner med uforanderlege stjerner som referanse. Berre 18 variable stjerner var kjende i 1844.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Klaipėda Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå Aust-Preussen Kategori:Tyske astronomar Kategori:Prøyssiske astronomar Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Tilsette ved Universitetet i Bonn Kategori:Elevar ved Universitetet i Königsberg Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Vitskapsakademiet i St. Petersburg Kategori:Demidov-prisen Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences