Jocelyn Bell Burnell () er ein nordirsk astrofysikar.

Ho vart utdanna ved University of Glasgow, og tok doktorgrad i radioastronomi ved Cambridge University i 1968. Under doktorgradsarbeidet sitt deltok ho i oppbygginga av eit enormt radioteleskop og studerte spesielt kvasarar. I den samanhengen oppdaga ho nokre fram til då ukjende objekt, og har dermed ein stor del av æra for oppdaginga av dei første pulsarane (1967). Burnell har vore knytt til University College London, Royal Observatory, Edinburgh og James Clark Maxwell Telescope på Hawaii. Ho har vore president i Royal Astronomical Society. Burnell er særskild oppteken av formidling, og arbeidde i 10 år for Open University, noko som dobla talet på kvinnelege professorar i fysikk i Storbritannia. I 1999 turnerte ho i Australia med eigne Women in Physics-forelesningar. Frå 2001 var ho dekan ved naturvitskapeleg fakultet ved University of Bath.

Kjelder

Kategori:Britiske astrofysikarar Kategori:Kvinnelege astronomar Kategori:Kvinnelege fysikarar Kategori:Nordirske astronomar Kategori:Nordirske fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Order of the British Empire Kategori:Folk frå Belfast Kategori:Medlemmar av Royal Astronomical Society