Johan Ludvig Emil Dreyer () var ein dansk-irsk astronom.

Dreyer arbeidde hovudsakleg innafor to område: observasjon og katalogisering av tåker og stjernehoper, og astronomihistorie. I 1888 gav han ut New General Catalogue of Nebulae and Clusters of Stars (posisjon for 7840 tåker og stjernehopar) som, saman med to supplement (1895 og 1908), enno er eit uunnværleg hjelpemiddel ved alle observatorium. Han redigerte og gav ut dei vitskaplege arbeida og korrespondansane til Tyge Brahe (på latin i 15 store bind), og skreiv i 1890 ein av dei mest kjende bøkene om astronomihistorie, History of the Planetary System from Thales to Kepler (utgjeven på ny i 1953, under tittelen History of Astronomy from Thales to Kepler).

Dreyer var direktør for Armagh observatorium i Nord-Irland frå 1882 til 1916.

Kjelder

Kategori:Danske astronomar Kategori:Irske astronomar Kategori:Astronomihistorikarar Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Folk frå København