Kåre Øvregard () er ein norsk Ap-politikar, lærar, rådmann og forfattar.
Øvregard var fødd i Jostedalen, og busett i Gaupne i Luster kommune. Han tok eksamen ved Stord lærarskule 1957, Statens sløyd og tegneskole 1961 og sommarkurs ved NLH 1964. Han var lærar ved Sperle skule 1957-1962 og Gaupne barneskule 1962-1975. Øvregard var varaordførar i Jostedal 1959-1962, i Luster 1965-1967 og han var ordførar i Luster 1975-1977. Han hadde m.a. verv i skulestyre, var leiar i generalplannemnda og var medlem i både den kommunale og fylkeskommunale friluftsnemnda. Øvregard var medlem i Interimsstyret for Norske vasskraftkommunars landssamanslutning 1976-1985. På riksplan har han hatt tillitsverv i styreorgan i Vinmonopolet, og har elles hatt lokale styreverv i Vestlandsbanken. Kåre Øvregard var stortingsrepresentant 1977-1989 og han var rådmann i Luster 1989-1994.
I lokalt organisasjonsarbeid har Øvregard hatt ei rad styreverv i ungdomslag, musikkliv og idrettslag. Han var styremedlem for Arbeidararkiv Sogn og Fjordane frå 1989.
Kåre Øvregard har skrive lokalhistoriske bøker for Luster og ei barnebok.
I 2011 vart Øvregard tildelt kulturprisen til Luster kommune.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift- eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Stortingskomitéar 1985–1989 medlem i Kontrollkomitéen 1985–1989 varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1985–1989 varamedlem i Kontrollkomitéen 1985–1989 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen 1985–1989 medlem i Valkomitéen 1981–1985 sekretær i Kommunal- og miljøvernkomitéen 1981–1985 medlem i Valkomitéen 1977–1981 medlem i Landbrukskomitéen 1977–1981 varamedlem i Valkomitéen
Kjelder Om Kåre Øvregard i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi Om Kåre Øvregard i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Ap-ordførarar i Sogn og Fjordane Kategori:Ordførarar i Luster Kategori:Folk frå Luster Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Forfattarar frå Luster Kategori:Norske sakprosaforfattarar