Scheat eller Beta Pegasi (β Peg, β Pegasi) er ei raud kjempestjerne i stjernebiletet Pegasus. Den tilsynelatande storleiksklasse er 2,42, som gjer ho til den nest mest lyssterke i stjernebiletet etter Epsilon Pegasi.

Basert på parallaksemålingar ligg Beta Pegasi kring 196 lysår. Ho er uvanleg for å vere ei lyssterk stjerne fordi ho har ein relativt låg overflatetemperatur, samanlikna med stjerner som sola. Denne stjerna har ein spektralklasse på M2.3 II-III, som indikerer at spektrumet har eigenskapar mellom ei lyssterk kjempe og ei kjempestjerne. Ho har utvida seg til å bli 95 gonger så stor som sola og ho lyser 1500 gonger så sterkt. Den effektive temperaturen til den ytre envelopen til stjerna er kring 3 700 K, og gjev stjerna ein karakteristisk oransje-raud farge til ei klasse M-stjerne.

Beta Pegasi er ein halvregulær variabel med ein periode på 43,3 dagar med ein lysstyrke som varierer frå +2,31 til +2,74.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Scheat» frå , den 9. juli 2016.

Pegasi, Beta Kategori:Pegasus Kategori:Kjempestjerner klasse M Kategori:Irregulære variable Kategori:Stjerner med eigennamn