mini|Plasseringa til Theophilus mini|Skrått syn på den sentrale delen av Theophilus frå Apollo 16. Theophilus er eit markant ringfjell på månen som ligg mellom Sinus Asperitatis i nord og Mare Nectaris i søraust. Det går delvis inn i det nesten like store Cyrillus i sørvest. I aust ligg det mindre krateret Mädler og lenger sør-søraust ligg Beaumont. Han vart kalla opp etter den koptiske paven Theofilos (Theophilus) av Alexandria.Autostar Suite Astronomer Edition. CD-ROM. Meade, April 2006.
Theophilus, Cyrillus og Catharina dannar ei markant gruppe store krater som er synlege ved terminator fem dagar etter nymåne.
Kanten av Theophilus har ein vid, terrassert indre flate som syner indikasjonar på jordras. Veggane er 4,6 km høge og har brote inn i krateret Cyrillus.Moore, Patrick (2001). On the Moon. Sterling Publishing Co.. ISBN 0-304-35469-4. Det vart skapt under eratosthenium frå 3,2 til 1,1 milliardar år sidan. Det har eit stort sentralt fjell, 1400 meter høgt, med fire toppar.
Botnen i krateret er relativt flatt. Den vestlege toppen på sentralfjellet heiter Psi (ψ), den austlege Phi (φ), og den nordlege Alfa (α) Theophilus. Vestsida av denne ryggen er vidare og meir irregulær.
Under Apollo 16 vart det samla inn fleire bitar av basalt som ein trur er kasta ut under danninga av Theophilus.
Satellittkrater Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Theophilus.
TheophilusBreiddegradLengdegradDiameterB10.5° S25.2° E8 kmE6.8° S24.0° E21 kmF8.0° S26.0° E13 kmG7.2° S25.7° E19 kmK12.5° S26.3° E6 kmW7.8° S28.6° E4 km
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Theopilus (crater)» frå , den 10. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Ringfjell på månen