«Back Chat» er ein song skriven av Queen-bassisten John Deacon og den mest funk-aktige songen på albumet Hot Space frå 1982. Deacon gjekk kompromisslaust til verks og skreiv berre songar utan rockeelement for Hot Space. Dette skapte noko misnøye hos dei andre bandmedlemmane, særleg Brian May, som kjempa for å halde noko rock på plata. Etter ein krangel valde bandet å inkluderte ein gitarsolo på «Back Chat». Singelen nådde 40. plassen på UK Singles Chart. Songen vart framført på Hot Space-turneen i eit kjappare tempo og meir rockeaktig enn innspelinga. I ei melding for Rolling Stone skildra kritkaren John Milward musikken i songen som: «ein heit rock-funk-song med gitarspor like glatt som eit isdekt dansegolv.»John Milward, «Queen: Hot Space" , Rolling Stone, 10. juni 1982
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal Brian May - gitar solo Roger Taylor - elektroniske trommer John Deacon - bassgitar, solo- og rytmegitar, synthesiser
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Back Chat» frå , den 19. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisielle YouTube-videoar: original musikkvideo, Live at The Bowl Tekst på den offisielle nettsida til Queen
Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Songar skrivne av John Deacon Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Funkrocksongar Kategori:Songar frå 1982