«Princes of the Universe» er ein song skriven av Freddie Mercury og framført av Queen. Songen vart skriven for filmen Highlander og gjeven ut på A Kind of Magic i 1986.Freestone, Peter (2001) Freddie Mercury: an intimate memoir by the man who knew him best s.96.Omnibus Press, Henta 22. januar 2011

Bakgrunn «Princes of the Universe», skriven for Highlander, er den einaste songen på albumet som er skriven av Mercury aleine. Han vert spelt under opninga av filmen og seinare nytta som kjenningsmelodi for Highlander: The Series.Bartkowiak, Mathew J. (2010) Sounds of the Future: Essays on Music in Science Fiction Film s.19. Henta 22. januar 2011 Songen vart aldri gjeven ut på singel i Storbritannia, men vert rekna som ein kult-favoritt på grunn av tilknytinga til filmen. I filmen kan ein ikkje høyre gitarsoloen i byrjinga av songen.

Musikkvideo Musikkvideoen til songen vart regissert av Russell Mulcahy, og filma 14. februar 1986 i Elstree Studios i London, på takscenen til Silvercup som vart nytta i filmen. Han består hovudsakleg av Queen som framfører songen, innimellom scener frå Highlander. Christopher Lambert dukkar opp i rolla som Connor MacLeod i ein kort sekvens. Singelen gjekk ikkje inn på salslistene i USA, men videoen vart mykje spelt på MTV.

Medverkande Freddie Mercury - Solo- og korvokal, piano, synthesizer Brian May - elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Princes of the Universe» frå , den 24. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisielle Youtube-videoar: musikkvideo, musikkvideo (VEVO) Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Kjenningsmelodiar Kategori:Songar frå filmar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:Musikkvideoar regisserte av Russell Mulcahy Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Heavy metal-songar