«Ride the Wild Wind» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Songen vart skriven av Roger Taylor og sungen av Freddie Mercury og vart opphavleg gjeve ut på det fjortande studioalbumet deira Innuendo i 1991. Songen vart gjeve ut på singel i Polen, der han gjekk til topps på salslista.http://www.lp3.pl/alpt.phtml?m=1&nn=499#navigation

Songen vart skriven av Taylor, som spelte inn ein demoversjon med sin eigen vokal. Den endelege versjonen vart sungen av Mercury. Songen er ein slags oppfølgjar til Taylor-songen «I'm in Love with My Car» frå A Night at the Opera, som fokuserer på lidenskapen til Taylor for billøp og bilar. Songen minnar mykje om The Smiths-songen «Shakespeare's Sister», og skapte ei kjensle av fart.

Lister Land (1992)Plassering Polen (Związek Producentów) 1

Medverkande Freddie Mercury - solovokal, klaverinstrument Brian May - elektrisk gitar Roger Taylor - solovokal, trommer, klaverinstrument John Deacon - bassgitar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ride the Wild Wind» frå , den 29. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1991 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Hollywood Records-singlar