«Speed of Light» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden frå det sekstande studioalbumet deira, The Book of Souls. Songen vart gjeven ut som ein musikkvideo den 14. august 2015 og vart samstundes tilgjengeleg for nedlasting på nettet og som ein CD-singel som berre kunne kjøpast via Best Buy i USA.
Musikkvideo Musikkvideoen til songen vart regissert og produsert av Llexi Leon, skaparen av teikneserien Eternal Descent og det virtuelle bandet med same namn. Videoen er ei «hyllest til fire tiår med videospel», sentrert kring maskoten til bandet, Eddie, som reiser gjennom «den 35 år lange historia til videospela». Dei visuelle effektane vart skapt av The Brewery, som tidleg hadde arbeidd på filmane Sex & Drugs & Rock & Roll (2010) og Spike Island (2012), i tillegg til TV-serien Fleming: The Man Who Would Be Bond.
Medverkande Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal Dave Murray – gitar Adrian Smith – gitar Janick Gers – gitar Steve Harris – bassgitar, medprodusent Nicko McBrain – trommer Produksjon Kevin Shirley – produsent, miksing
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Speed of Light (song)» frå , den 7. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Singlar frå 2015 Kategori:Songar skrivne av Adrian Smith Kategori:Songar skrivne av Bruce Dickinson Kategori:Songar produserte av Kevin Shirley Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar frå 2015