Janina Dzislavavna Karoltsjik, gift Pravalinskaja, () er ein kviterussisk tidlegare kulestøytar. Ho vart olympisk meister i Sydney i 2000, og verdsmeister 2001 i Edmonton. I 2003 testa ho positivt på steroidet clenbuterol under eit stemne i Tyskland, og vart utestengd frå friidrett i to år.

Aktiv Karoltsjik tok bronsemedaljen i sitt andre seniormeisterskap, EM 1998. Under sommarleikane 2000 slo ho til med 20,56 m og personleg rekord i finalen, eit resultat som gav henne gullmedaljen, meir enn ein halv meter framom sølv- og bronsemedaljørane, russiske Larisa Pelesjenko og tyske Astrid Kumbernuss.

Året etter forbetra Karoltsjik sin personlege rekord til 20,61 m ved verdsmeisterskapen i Edmonton, og ho vann då ein ny gullmedalje, nær meteren lengre enn tyske Nadine Kleinert og bronsevinnar Vita Pavlysj frå Ukraina.

Doping Karoltsjik testa i 2003 positivt på stoffet clenbuterol og vart utestengd frå friidrett i to år. Ho var tilbake i internasjonal konkurranse ved friidretts-VM 2007 der ho enda på tiandeplass i finalen. I 2010 kom ho på fjerdeplass i kuletevlinga ved friidretts-EM i Barcelona, ti centimeter bak den russiske bronsevinnaren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (nr 18 – 17,75 m) EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 19,23 m VM 1999 i Sevilla: Nr 4 – 19,17 m OL 2000 i Sydney: Gullmedalje – 20,56 m, framom Larisa Pelesjenko (19,92 m) VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 20,61 m, framom Nadine Kleinert (19,86 m) VM 2007 i Osaka: Nr 10 – 18,17 m OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (nr 18 – 17,79 m) EM 2010 i Barcelona: Nr 4 – 19,29 m OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (nr 17 – 17,87 m)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Janina Karolchyk-Pravalinskaya» frå , den 8. september 2016.

World Athletics

Kategori:Belarusiske kulestøytarar Kategori:Olympiske meistrar for Belarus Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Dopingsaker i friidrett Kategori:Folk frå Hrodna