«Rocka Rolla» er debutsingelen til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, først gjeven ut i august 1974, og så gjeven ut som tittelsporet på debutalbumet månaden etter.
Songen vart framført på The Old Grey Whistle Test.
Songen har fleire korte gitarsoloar av gitaristen Glenn Tipton, og ein munnspelsolo av vokalisten Rob Halford.
Under konsertversjonane vart korvokalen til Tipton ofte sungen langt høgare enn vokalen til Halford. Songen avslutta ofte konsertane deira i 1980-åra og vart trekt ut til ein lang jam.
B-sida til singelen var ein annan song frå albumet, «Never Satisfied», der Al Atkins var medlåtskrivar.
Medverkande Rob Halford – solovokal, munnspel K.K. Downing – gitar Glenn Tipton – gitar, korvokal Ian Hill – bassgitar John Hinch – trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rocka Rolla (song)» frå , den 11. september 2016.
Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Debutsinglar frå 1974 Kategori:Hardrock-songar Kategori:Judas Priest-songar Kategori:Psykedeliske rockesongar Kategori:Songar skrivne av Glenn Tipton Kategori:Songar skrivne av K.K. Downing Kategori:Songar skrivne av Rob Halford