mini|Ruinar frå Dragmark kloster Dragmark kloster (norrønt Mariskógr, latin Monasterium dei silva sanctae Mariae)Dragsmark kloster, Store norske leksikon. var eit premonstratensarkloster vigd til jomfru Maria. Det låg på Bokeneset vest for Oddevold (Uddevalla) i Båhuslen, som då var ein del av Noreg.Dragmark kloster

Historie Klosteret vart grunnlagt i regjeringstida til kong Håkon IV Håkonsson, truleg i 1234. Det ser ut til å ha hatt høg status.Dragsmarks kloster, lansstyrelsen.se. Vitja 21. desember 2015 Her vart det mellom anna oppretta eit «akademi» for unge adelsmenn. Men allereie før reformasjonen, i 1519, ser det ut som det var gått ut av geistleg bruk og lagt under kongeleg overoppsyn. I 1532 vart klosteret formelt forlena og fullt ut sekularisert. Det vart òg stadig utsett for øydeleggingar i tida rundt reformasjonen under stridigheitane mellom dei dansk-norsk kongane Frederik I og nevøen Christian II. Christian støtta reformasjonen, medan Frederik hadde lova å verna den katolske kyrkja. Etter kvart låg klosteret i ruin og tente som steinbrot for utbygginga av Båhus festning.

Kyrkja og eit par av romma sør for ho vart arkeologisk undersøkt i 1897-98. Deler av anlegget ligg truleg stadig intakt under markoverflata.Dragsmark kloster (Marieskog), katolsk.no. Vitja 21. desember 2015

Lensherrar Knud Grubbe (1575-1602) Lagt under Baahus len (1602-28) Niels Hammer (1628-44) Thomas Dyre (1644-52) Henrik Villumsen Rosenvinge (1652-58)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dragsmark kloster» frå , den 15. september 2016.

Kategori:Tidlegare kloster i Noreg Kategori:Klosterruinar Kategori:Kulturminne i Sverige