Unleashed in the East er det første konsertalbumet til Judas Priest, spelt inn i Tokyo i Japan under Hell Bent for Leather-turneen i 1979. Det kom ut i september 1979 og vart det bestseljande albumet til bandet fram til då, og nådde topp 100 i USA og topp 10 i Storbritannia, og etter kvart eit av fem Judas Priest-album som selde til platinaplate i USA.

Det er omdiskutert kor mykje live albumet i røynda er, og ein har på moro stundom kalla albumet Unleashed in the Studio. Fleire år seinare, etter han hadde slutta i Priest, sa Rob Halford i fleire intervju at musikken verkeleg var live, men at vokalen hans hadde blitt øydelagd på den originale innspelinga og at dei spelte inn vokalen på ny i studio, men på ein konsertliknande måte.

Nyare utgåver I 2001 kom albumet ut på CD med fire bonusspor, «Rock Forever», «Delivering the Goods», «Hell Bent for Leather» og «Starbreaker», som hadde blitt gjeve ut på ei 7" bonusplate som følgde med den japanske utgåva av albumet i 1979. Tre av desse var frå albumet Killing Machine (gjeve ut i USA som Hell Bent for Leather). «Delivering the Goods» og «Starbreaker» vart berre gjeve ut på den japanske marknaden.

Innhald

Medverkande Judas Priest Rob Halford – vokal K.K. Downing – gitar Glenn Tipton – gitar Ian Hill – bassgitar Les Binks – trommer

Produksjon Produsert av Tom Allom og Judas Priest Innspelt av Yoshihiro Suzuki Lydteknikar: Neil Kernon Fotografi av Fin Costello

Lister Album ÅrListePlassering1979UK Albums Chart101979Billboard Pop Albums (US)70

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Unleashed in the East» frå , den 15. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Judas Priest-album Kategori:Album produserte av Tom Allom Kategori:Konsertalbum frå 1979 Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album spelte inn i Nakano Sun Plaza