Dolphin er filutforskaren til KDE, laga med brukarvenlegheit som hovudfokus.

Under tidlegare versjonar av KDE var Konqueror standard filutforskar og nettlesar, men etter at Konqueror vart for komplisert til å vere standard filutforskar vart filutforkarfunksjonaliteten skilt ut av Konqueror og tilført Dolphin. Konqueror fortsetter å vere standard nettlesar til KDE.

Eigenskapar Fanenavigasjon 3 visningsmodusar (Ikon, Detaljar og Kompakt), som blir hugsa for kvar mappe Enkel visning av skjulte mapper Enkel navigering av filsystemet med autofullføring gjennom navigasjonsbaren Sorterig av filer etter: Dato laga Dokumenttype Alfabetisk rekkefølge Storleik Eigar (alfabetisk sortert) Filtype (alfabetisk sortert)

Filosofi Målgruppe Dolphin er meint for brukarar som er middels kompetente i sitt bruk av ei datamaskin. Det betyr ikkje at Dolphin er over gjennomsnittet vanskeleg å bruke men at Dolphin har fleire eigenskapar og val som kan forvirre nye brukarar.

Ikkje-hindrande funksjonar Om ein funksjon eller eigenskap skal leggast til dolphin må det vurderast om det tilfører eigenskapar til dolphin som gagnar brukarar utanfor målgruppa til dolphin. Ikkje-hindrandre omhandlar for det meste brukargrensesnittet, om ein ein ny funksjon eller eigenskap vil føre til rot eller uorganisering i brukargrensesnittet vil den ikkje bli lagt til.

Val Val er viktige fordi «gjennomsnittbrukaren» ikkje eksisterer. Men det er likevel ikkje sagt at dolphin sitt mål er å dekke kvart brukarkrav, fordi kvart val og eigenskap som tilføyast gjer det vanskelegare å finne eksisterande val og eigenskapar.

Sjå òg Konqueror

Kjelder

Bakgrunnsstoff

https://techbase.kde.org/Getting_Started/Build/Historic/KDE4_Windows

Kategori:KDE Kategori:Fri programvare Kategori:Brukargrensesnitt __INDEX__