Viggo Helge Rossvær () er ein norsk filosofiprofessor som er professor II ved Universitetet i Nordland og tidlegare var professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø (1979-2009). Han tok doktorgraden ved Universitetet i Oslo i 1972 på ei avhandling om Immanuel Kant og Ludwig Wittgenstein. Rossvær var førsteamanuensis i Oslo frå 1968 til 1979 og har sidan vore professor i Tromsø.

Viggo Rossvær har markert seg som ein sterk kritikar av utviklinga til universitetet dei siste åra. Særleg har han kritisert examen philosophicum for å vera eit øydelagt og dogmatisk studium.

Han er gift med filosofiprofessor Hjørdis Nerheim.

Bibliografi Ruinlandskap og modernitet: hverdagsbilder og randsoneerfaringer fra et nord-norsk fiskevær. Spartacus, 1998. Filosofiens historie (sammen med Hjördis Nerheim). Aschehoug/Tanum-Norli, 1984. Kant og Wittgenstein: metoden hos Kant og den senere Wittgenstein i lys av forholdet mellom transcendental logikk og (logisk) grammatikk. Doktoravhandling, Universitetet i Oslo, 1971.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Viggo Rossvær» frå , den 19. september 2016.

Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet