Demolition er det 14. studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, det første i 2000-åra. Albumet er det andre og siste med vokalisten Tim 'Ripper' Owens. Det er det einaste Judas Priest-albumet som har eit Parental Advisory-merke å grunn av nokre songar med bannord: «Machine Man», «Hell Is Home» og «Metal Messiah».

Bakgrunn og mottaking Etter ei lunken mottaking av Jugulator, sette bandet seg ned for å sjå kva som gjekk gale og meinte at fansen føretrekte ein stil som var meir tru til tidlegare Priest-album. Albumet vart ei blanding av Jugulator-aktige riff, referansar til 80-tals Prist og sporadiske nu-metal-element, som samplingar og industrielle rytmar. Målet var å gje noko til alle fans, men albumet enda opp med å bli enno dårlegare motteke enn Jugulator, noko som etter kvart førte til at Rob Halford kom attende som vokalist i bandet.

Låtskriving og produksjon Albumet vart produsert av gitaristen Glenn Tipton, som òg tok over som hovudlåtskrivar på albumet. I lange tider hadde det vore Rob Halford, K.K. Downing og Tipton som skreiv songane til Judas Priest. Etter at Halford slutta fortsette Downing og Tipton å skrive alle songane for Jugulator. På dette albumet var mange av songane hovudsakleg skriven av Tipton aleine, med bidrag frå Downing på fleire songar. Den tidlegare produsenten, Chris Tsangarides, som var medlåtskrivar på songen «A Touch of Evil» på Painkiller hjelpte òg Tipton på eit par songar. Sjølv trommeslagaren Scott Travis var medlåtskrivar på songen «Cyberface», det første og einaste bidraget hans på låtskrivarsida i bandhistoria. Dette var òg det første albumet sidan Painkiller der klaverspelaren Don Airey var gjestemusikar.

Songane «Machine Man» og «Feed on Me» vart gjevne ut i Judas Priest-plateboksen Metalogy.

Innhald

Medverkande Judas Priest K.K. Downing – gitar Glenn Tipton – gitar Ian Hill – bassgitar Scott Travis – trommer Tim «Ripper» Owens – vokal

Andre musikarar Don Airey – klaverinstrument

Produksjon Produsert og arrangert av Glenn Tipton; medprodusent var Sean Lynch Mastra av Jon Astley Omslag av L-Space Design Bilete på baksida av Benjamin Davies Fotografi av Mick Hutson

Lister Lister (2001) Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Demolition (Judas Priest album)» frå , den 21. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Judas Priest-album Kategori:Musikkalbum frå 2001 Kategori:SPV/Steamhammer-album