The Legend of Zelda: Breath of the Wild er eit action-eventyrspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo Switch og Wii U. Spelet er det nittande i The Legend of Zelda-serien og går føre seg på slutten av Zelda-tidslina. Spelaren kontrollerer Link, som vaknar etter å ha lege hundre år i dvale for å nedkjempa Calamity Ganon og atterreisa kongeriket Hyrule.
Til liks med det originale The Legend of Zelda frå 1986, får spelarar få føresegner og kan utforska spelverda fritt. Oppgåver femner innsamling av ulike emne og utstyr for å hjelpa med ulike mål som å løysa gåter og sideoppdrag. Verda i spelet er ustrukturert og designa for å oppmoda til utforsking og eksperimentering, og hovudoppdraget kan fullførast på ein ikkje-lineær måte.
Utviklinga av Breath of the Wild gjekk føre seg over fem år, etter responsar frå nokre fans som ønskte seg ei større spelverd å utforska. Nintendo freista å tenkja nytt i høve konvensjonane i serien, og introduserte element som ei open verd og ein detaljert fysikkmotor. Monolith Soft, som er kjend for sitt arbeid på Xenoblade Chronicles-serien, hjelpte til med å designa landskapa og topografien i spelet. Breath of the Wild hadde opphavleg planlagd utgjeving i 2015 som ein Wii U-eksklusiv tittel, men vart utsett to gonger. Det vart utgjeve 3. mars 2017, som ein lanseringstittel til Nintendo Switch og som det siste Nintendo-publiserte spelet til Wii U. To omgangar med nedlastbart innhald vart utgjevne i løpet av 2017 som del av ei betalt utvidingspakke for spelet.
Breath of the Wild fekk hyllester frå pressa for den frie strukturen og detaljnivået i spelverda. Kritikarar kalla det ein milepåle i open verd-design, sjølv om det fekk mild kritikk for korleis spelet yta under utgjevinga. Det vann fleire «Årets spel»-prisar og har sidan vorte rekna som eit av dei mest framståande dataspela gjennom tidene. Innan utgangen av 2021 hadde det selt over 26 millionar kopiar, som gjer det til eit av dei mestseljande dataspela noko sinne. Ein spin-off-tittel, Hyrule Warriors: Age of Calamity, vart utgjeven i 2020. Oppfølgjaren Tears of the Kingdom kom ut den 12. mai 2023.
Handling Breath of the Wild finn stad på slutten av Zelda-tidslina i kongeriket Hyrule. 10 000 år før byrjinga av spelet hadde den eldgamle Sheikah-klanen utvikla Hyrule til ein avansert sivilisasjon, verna av fire enorme, dyreliknande maskiner kalla «Divine Beasts» og ein armé av autonome våpen kalla «Guardians». Når den vonde Calamity Ganon manifesterte seg og truga kongeriket, vart fire krigarmeistrar valde ut, kvar av dei pilotar for ein av dei fire Divine Beasts for å svekkja Ganon, medan prinsessa, ein etterkomar av gudinna, og den utnemnde riddaren hennar kjempa og vann over Ganon ved å forsegla han.
mini|Scene frå Breath of the Wild med Master Sword under MCM Comic Con 2017 i London. mini|upright|Kart over Hyrule i Breath of the Wild
10 000 år seinare har kongeriket Hyrule gått attende til ein mellomalderleg sivilisasjon. Etter å ha lese profetiane frå forfedrane, kjende innbyggjarane i Hyrule att teikna på at Ganon ville venda attende og grov dermed ut omliggjande område for å avdekkja dei fire Divine Beasts og arméen av Guardians. I løpet av denne tida, trena prinsesse Zelda hardt på å vekkja magien ho treng for å kunna forsegla Ganon, samstundes som ho prøver å oppretthalda den personlege forskinga si. I mellomtida vart ein riddar utnemnd for å passa på henne, hovudpersonen Link, som vart vald på grunn av evna si til å bruka det magiske sverdet Master Sword, også kjent som «sverdet som forseglar mørkeret». Dei mest framståande krigarane frå dei ulike rasane i Hyrule – Daruk, ein krigar av goronane frå fjellet; Mipha, ei prinsesse av dei vasslevande zoraene; Revali, ein bogeskyttar av dei fugleliknande ritoane; og Urbosa, høvding av gerudoane frå ørkenen – gjekk saman for å styra dei fire Divine Beasts (respektive Vah Rudania, Vah Ruta, Vah Medoh og Vah Naboris) medan dei dålevande Zelda og Link kjempa mot Ganon. Men Ganon tok seg inn i maskinene til dei allierte, tok kontrollen over dei og vende dei mot Hyrule. Kong Rhoam og dei fire krigarmeistrane vart drepne i krigen, byen ved slottet øydelagd og Link alvorleg skadd medan han forsvarte den siste skansen til den hyruleanske arméen, fort Hateno. Zelda bringa Link til ein trygg stad slik at han kunne koma seg, gøymde Master Sword i skogen Lost Woods i verja til det store dekutreet og brukte magien sin til å forsegla seg sjølv og Ganon i Hyrule-slottet. Denne kataklysmiske tragedien vart gjennom tidene kjend som «Great Calamity».
100 år etter å ha vorte bringa til eit underjordisk kammer for å lækjast, vaknar Link opp med minnetap i eit no krigsherja Hyrule. Han møter ein gamal mann, som openberrar seg som den dvelande anden til kong Rhoam. Rhoam forklarer at Ganon, forsegla i Hyrule-slottet, har vakse seg sterk og kongen bed Link nedkjempa Ganon før han bryt seg laus og legg verda øyde.
Link ferdast gjennom Hyrule og returnerer til stadene frå fortida si og vekkjer minna sine att. Med hjelp frå rasane i Hyrule, kjem han seg om bord i dei fire Divine Beasts og reinsar dei for monstera til Ganon, frigjer sjelene til dei tidlegare krigarmeistrane og lèt dei styra dei fire Divine Beasts nok ein gong. Etter å ha fått tak i Master Sword frå Lost Woods, går Link inn i Hyrule-slottet og nedkjempar Ganon med hjelp frå dei fire Divine Beasts og lysbogen til prinsesse Zelda. Zelda får forsegla Ganon, som atter bringar fred til Hyrule og lét sjelene til kong Rhoam og krigarmeistrane gå vidare til livet etter døden. Link og Zelda merkar nærværet deira og smiler kjærleg.
Dersom spelaren har funne alle dei tretten minna i oppdraget «Captured Memories», låser dei opp ein løynd sluttscene der prinsesse Zelda innser at Hyrule må byggjast opp att, og at ho og Link må starta prosessen sjølve. Medan Link og Zelda undersøkjer Hyrule og går i gang med å atterreisa landet sitt, innrømmer prinsessa at ho kanskje ikkje har overnaturlege krefter lenger, men at ho likevel har forsona seg med den lagnaden.
Spelemekanikkar
mini|upright|Ei av nyvinningane i spelet er å laga mat ved å bruka ulike emne ein finn i naturen.
Breath of the Wild er eit action-eventyrspel som går føre seg i ei open verd der spelarar kan utforska kongeriket Hyrule medan ein styrer hovudpersonen Link. Spelaren kontrollerer Link i eit tredimensjonalt miljø, sett frå eit perspektiv i tredjeperson. Spelet er strukturert på ein ikkje-lineær måte og spelaren får få føresegner, slik at områda i spelet kan utforskast fritt, utan nokon definerte inn- og utgangar. Breath of the Wild introduserer ein realistisk fysikkmotor, som lèt spelarane løysa puslespel på ulike måtar. Spelmotoren definerer dei fysiske eigenskapane til dei fleste objekta og styrer korleis dei interagerer med spelaren og med kvarandre. Samansetnaden og designen resulterer i ei ustrukturert og interaktiv verd som lønnar eksperimentering og lèt ein fullføra oppdrag på ein ikkje-lineær måte.
Spelaren kan reisa gjennom verda ved å springa, klatra, symja, glideflyga eller ri på hesteryggen, sjølv om nokre av metodane er avgrensa av det fysiske uthaldet til Link. Han kan få tak i ulike emne frå miljøa i spelet, inkludert våpen, mat og andre ressursar. Til skilnad frå tidlegare Zelda-spel, slit ein ut dei fleste våpena etter kvart som ein bruker dei. Nokre av tinga har fleire bruksområde; våpen av trevyrke kan brukast som faklar og skjold kan brukast som provisoriske snøbrett. Spelarar kan få tak i matingrediensar ved å jakta på dyr, samla viltveksande frukt eller plukka opp eterlatne kroppsdelar frå nedkjempa fiendar. Ved å varma opp ulike kombinasjonar av ingrediensar, kan spelaren laga matretter og eliksirar som kan restituera helsa og uthaldet til Link, eller gje han mellombels statusoppgraderingar, som auka styrke eller betre evne til å smyga seg innpå fiendar.
Eit viktig verktøy i arsenalet til Link er «Sheikah Slate», ei magisk steintavle som kan brukast til å markera landemerke på eit kart og til å ta bilete av miljøa i spelet. Link kan òg oppgradera tavla til å kunna mana fram fjernstyrte bomber, manipulera metalliske objekt, laga ispillarar på vassoverflater eller frysa objekt fast i tid. I kamp kan spelaren låsa ein markør fast på fiendar, slik at Link angrip meir presist, medan einskilde knappekombinasjonar lèt ein gjera avanserte offensive og defensive manøvrar.
Utvikling
Nintendo EPD, ei intern avdeling i Nintendo, utvikla Breath of the Wild til spelkonsollane Nintendo Switch og Wii U. Ifølgje serieprodusenten Eiji Aonuma hadde utviklingsteamet som mål å «ta konvensjonane i Zelda til ny vurdering». Utviklinga starta like etter utgjevinga av The Legend of Zelda: Skyward Sword (2011).Dark Horse Books (2018), p. 416 Aonuma fekk kommentarar frå spelarar som ønskte å sjå eit meir samankopla kart for å utforska lokalitetane mellom speleområda. I 2013 eksperimenterte Nintendo med ein ikkje-lineær spelestruktur i The Legend of Zelda: A Link Between Worlds, som det fekk positiv mottaking for frå fleire hald. Under E3 2014 sa Aonuma at han planla å reformera katakombar og gåter i spelet, to av dei mest sentrale elementa i Zelda-spela, og redesigna spelet slik at det tillèt spelarar å koma fram til slutten utan å vera nøydde til å gå gjennom heile historia. Av di Nintendo aldri tidlegare hadde utvikla eit moderne open verd-spel i skalaen til Breath of the Wild, såg dei på The Elder Scrolls V: Skyrim for å læra meir om utfordringane med å laga eit moderne, storstilt open verd-spel. For den kunstnarlege stilen i spelet, henta utviklarane inspirasjon frå ulike japanske animar som dei hadde sett då dei var yngre. Hovudpersonen i serien, Link, vart designa til å ha eit meir kjønnsnøytralt uttrykk i spelet, ifølgje Aonuma for å gjera det lettare for spelarar å relatera seg til han.
Før utviklinga kom i gang for fullt, designa utviklarane ein spelbar 2D-prototype lik det opphavlege Zelda for å eksperimentera med fysikkbaserte puslespel. Den endelege utgåva av spelet bruker ein modifisert versjon av fysikkmotoren Havok. Under Game Developers Conference i 2017 heldt kreativt ansvarleg Hidemaro Fujibayashi, teknisk ansvarleg Takuhiro Dohta og kuntnarisk ansvarleg Satoru Takizawa ein presentasjon titulert «Change and Constant – Breaking Conventions with The Legend of Zelda: Breath of the Wild», der dei viste fram ein demo av prototypen. Aonuma kalla fysikkmotoren i Breath of the Wild ei stor utvikling for Zelda-serien, og sa at han «underbyggjer alt i verda» og får ting til å fungera på ein «logisk og realistisk måte», som lèt spelarar handsama puslespel og problem på ulike måtar. Han greidde ut om utfordringane med å utvikla dette systemet, og kom i hug korleis han ein dag under utviklinga gjekk inn i eit område i spelet og fann ut at alle tinga hadde vorte blåsne vekk av vinden. Ettersom tidlegare Zelda-spel auka mengda handlingar Link kunne gjera, innsåg utviklarteamet at å ha for mange handlingar tilgjengelege ville gjera kontrollane kompliserte, så i staden for å leggja til fleire mogelege handlingar, auka dei heller talet på tilfelle som spelaren kan interagera med i verda.Dark Horse Books (2018), p. 423