Jana Pittmann, seinare Jana Rawlinson, () er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Sydney som internasjonalt deltok i 400 meter hekkeløp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2003 og 2007.

Aktiv Pittman sigra på 400 m hekk i ungdoms-VM 1999 i polske Bydgoszcz, året etter vann ho både 400 m hekk og 400 m flatt under junior-VM i Santiago i Chile.

I 2002 sprang Pittman inn til fyrsteplass på langhekken under samveldeleikane i Manchester. Året etter sett ho personleg rekord med 53,22 sekundar då ho vann gullmedaljen på 400 meter hekk under VM 2003 i Paris. I 2006 var ho heilt suveren då ho i Melbourne forsvarte tittelen som samveldemeister i spesialøvinga.

Under friidretts-VM 2007 i Osaka sprang Pittman heilt ned mot si bestetid på 400 m hekk og tok sitt andre VM-gull på langhekken, framfor tittelforsvararen, russiske Julija Petsjonkina.

Pittman var ei tid gift med den britiske hekkeløparen Chris Rawlinson.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Utslått i forsøket (56,76 =nr 17) VM 2003 i Paris: Gullmedalje – 53,22, framom Sandra Glover (53,65) OL 2004 i Aten: Nr 5 – 53,92 VM 2007 i Osaka: Gullmedalje – 53,31, framom Julija Petsjonkina (53,50)

Kjelder World Athletics Denne artikkelen bygger på «Jan Pittman» frå , den 27. september 2016.

Kategori:Australske hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Australia