mini|Tamales colorados og tamales negros er typisk julemat i Guatemala. mini|Fiambre blir ofte eten i samband med helgemess (1. og 2. november).

Guatemalansk mat er mangfaldig, med element frå maya-, garifuna- og spansk matkultur. Ei rekkje matvarer som i dag blir brukt over heile verda stammar frå den mesoamerikanske regionen, som Guatemala er ein del av, og blir også brukt i den lokale matlaginga. Døme på slke ingrediensar er mais, bønner, kakao, avokado, chili, vanilje og tomat. Mais er grunnlaget for mange matrettar fra Guatemala, som tamale. Det blir også brukt fleire frø og blomar i matlaginga.

Langs den karibiske kysten er mat prega av garifunakulturen og ingrediensar som banan, kokosnøtt, kokebanan, fisk og skaldyr er mykje brukt.

Fleire guatemalanske rettar er knytt til særskilde dagar i veka eller til heilagdagar. Ein vanleg skikk er å eta paches (ein type tamale laga av potet) på ein torsdag, eller fiambre i samband med helgemesse.

Vanlege rettar

Tamale mini|Tillaging av paches. Tamale er laga av ein stiverik deig (masa) med fyll som blir dampa innpakka i blad. Det skal finnast mange hundre ulike tamaletypar i Guatemala. Dei kan ha masa laga av mais, potet eller ris, fyll av kjøt, frukter eller nøtter, og vera pakka inn i grøne blad frå maxan (Calathea lutea), bananblad eller blada til maiskolbar.

Maisen ein bruker til masa er som regel ikkje søt, slik mais ein et i til dømes Noreg ofte er. Denne søtare maisen som ein gjerne et på kolben blir kalla elote i Guatemala.

Nokre typar tamale er:

Tamales colorados ('farga tamale'), tamale farga raud med tomat og frø frå achiote-treet (Bixa orellana). Masaen er av mais og fyllet er tomat-recado, ein smakfull tjukk saus, paprika, kapers, gøne oliven og kylling, svin eller storfekjøt. Tamales negros ('svart tamale'), ein mørkare farga tamale med ein søtare smak ettersom dei inneheld sjokolade, rosin, svisker og mandlar. Andre svarte tamaletypar er ikkje søte men er ganske enkelt laga med svart eller blå mais. Tamales de elote ('søtmaistamale') har masa laga med den søt mais, ofte med heile maiskorn inni, og inneheld som regel ikkje kjøt. Chuchitos ('småhundar') er ein typisk guatemalansk tamale som er mindre og fastare enn dei fleste andre typane. Masaen kan vera blanda med tomat-recado eller kjøtkraft. Desse tamalane er pakka inn i tørka maiskolbeblad (tuzas). Ein kan eta chuchitos med ein enkel tomatsalsa og strødd med ein hard, kvit ost frå Zacapa-regionen. Chuchitos er vanlege ved lunsj- og middagstreff og ved feiringar. Tamalitos de masa ('små deigtamalar') er også mindre enn vanlege tamalar og har vanlegvis lite smak og ikkje fyll. Dei blir gjerne dyppa i mat som suppe, salsa eller bønnerettar. Tamalitos de chipilín og tamales de loroco er små deigtamalar med bønneslaget chipilín (Crotalaria longirostrata) eller blometypen loroco (Fernaldia pandurata) blanda inn. Paches er ein type tamale laga med potet eller ris.

Hovudrettar mini|Kak'ik

Tapado, sjømatsuppe med grøne skiver av kokebanan Chiles rellenos, paprika fylt med kjøt og grønsaker, dekt med vispa eggekviter og steikt Gallo en perro, sterk stuing Gallo en chicha, hønsestuing Pepián de indio, kjøt- og grønsakstuing med ein tjukk recado-saus frå 1800-talet Subanik, kjøt- og grønsakstuing i krydra saushttp://projects.washingtonpost.com/recipes/2008/10/08/subanik/ Kak'ik, kalkunsuppe med ik (ein sterk chili frå Cobán, ofte ete på nyårsdagen) Caldo de res eller cocido, storfekjøt- og grønsaksuppe Caldo de gallina, hønsesuppe Jocón, kylling stua i grøn saus Hilachas, storfestrimler i raud saud Güicoyitos rellenos, fylt squash Pollo a la cerveza, kylling i ølsaus Pollo guisado, spansk kyllingstuing Carne guisada, kjøtstuing Chuletas fascinante, panerte, frityrsteikte svinekotelettar Ensalada en escabeche, salat med grønsaker kokt i salt og eddikk Pollo encebollado, kylling i lauksaus Estofado, stuing med storfekjøt, potet og gulrot Revolcado, tomatobasert stuing med krydder og innmat Pollo en crema, kylling i fløytesaus Carne adobada, marinert preservert storfekjøt Pulique, kjøt- og grønsakstuing Mole de platanos, steikte kokebananskiver i ein sjokoladebasert saus

Dessertar mini|Garbanzos en dulce Pastel de banano, ein type bananbrød Tortitas de yuca, maniok-potetpannekaker Chancletas de güisquil, søt chayote (ein type graskar) dekt i piska eggekviter og steikt Arroz con leche, ein spansk risengrynsgraut Atol de elote, søt korndrikk Buñuelos, torrejas y molletes, ulike typar søtt brød som har lege i sirup, med eller utan fyll Rellenitos de plátano, små ballar av mosa kokebaann med søta svarte bønner som har blitt stiekte og overdryssa med sukker Garbanzos en dulce, kikerterr i søt sirup Repollitos con dulce de leche

Smårettar mini|Chicharrones Tamales de frijol con chiltepe Shucos ('skitningar'), ein guatemalansk versjon av pølse i brød, ofte med guacamole, majones og kål Chicharrones y carnitas, steikt svinehud og steikte svinekjøtbitar Tostadas de guacamol, frijol, o salsa, steikt maistortilla med guacamole, steikte svarte bønner eller tomatsaus Tacos de carne o pollo, steikte rulla maistortillaer fylt med kjøt Yuca con chicharrón, kokt kassava servert med steikte svinekjøtbitar

Tradisjonell allehelgensdagsmat

Fiambre, ein ingrediensrik salat som kan vera «kvit» eller «raud» alt etter om han inneheld raudbete eller ikkje Ayote en dulce, ein type graskar (Cucurbita argyrosperma), kokt i søt sirup Jocotes en miel, ei frukt av Spondias purpurea kokt i sirup Empanadas de ayote, bakverk fylt med graskar

Anna Salpicón, hakka kjøt, reddik og mynte med sitronjus Chojín, ein variant av salpicón med steikt svinehud Caldo de huevos, ei eggebasert consommésuppe Guatemalansk ceviche av fisk og/eller skaldyr Chirmol Chapín

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Guatemalan cuisine» frå , den 29. september 2016.

Bakgrunnsstoff

Mat Kategori:Mat etter land