Wilhelm Christian Suhrke () var ein norsk arkitekt og politikar frå Halden. Han representerte partiet Høgre på Stortinget i to åtskilde treårsbolkar.
Suhrke var son til ein tyskfødd arkitekt og byggmeister. Etter han i 1882 var utdanna i byggfag ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt, studerte han ved Hannover polytekniske skule til 1886. Frå 1892 leidde han byggfirmaet til faren i heimbyen Halden.
mini|Skihytta på Høiås er frå 1902 Arkitekt Suhrke er kjend for å ha teikna Halden Arbeidersamfund si bygning frå 1891, skihytta Høiåshytta tilhøyrande Halden Skiklubb frå 1902, og Halden Bad frå 1932 som er prega av stilretninga funksjonalismen. Sjølv budde Suhrke i ein lafta villa i drakestil, bygt i 1901.
Frå 1902 var Suhrke medlem i Halden bystyre. Perioden 1903-06 var han stortingsmann frå einmannskrinsen Fredrikshald, medlem av Budsjettkomitéen. Ved stortingsvalet 1906 nådde han ikkje opp, men lukkast kome tilbake på Tinget for perioden 1910-12, då medlem i Konstitusjonskomitéen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske arkitektar Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Fredrikshald Kategori:Folk frå Halden