Sumpterner (Chlidonias) er ei biologisk slekt av terner og medlem av måsefamilien, Laridae. Gruppa er representert på alle kontinent unntatt Antarktis. Svartterne er einaste representanten i Sør-Amerika, der ho er trekkfugl frå Peru til Guianaregionen, elles er ikkje denne gruppa utbreidd på kontinentet. Maoriterna er endemisk for New Zealand. __NOTOC__ Skildring Dette er små terner med relativt korte, breie venger og mindre kløfta haler enn til dømes Sterna-terner. Dei flyg med meir flakkande fluktretning enn andre terner og snappar byttedyr som insekt frå vassoverflata heller enn å stupdukke. Dei fangar òg småfisk. Kvitkinnsvartterner kan snappe insekt i lufta.

Hekkehabitat ligg ved ferskvatn i innlandet.

Artslista Chlidonias i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Svartterne, Chlidonias niger, Black Tern Kvitvengsvartterne, Chlidonias leucopterus, White-winged Tern Kvitkinnsvartterne, Chlidonias hybrida, Whiskered Tern Maoriterne, Chlidonias albostriatus, Black-fronted Tern Kjelder Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820 Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Måsefamilien Kategori:Fugleslekter Kategori:Terner