Peace in the Valley er ein EP av Elvis Presley, gjeven ut på RCA Victor Records i mono i april 1957. Innspelinga vart gjort 12., 13. og 19. januar i Radio Recorders i Hollywood i California. Han nådde tredjeplassen på den kortvarige Billboard EP-lista og tredjeplassen på albumlista, og 39. plassen singles chart.
Innhald I 1950-åra hadde heimbyen til Presley i Memphis i Tennessee blitt eit gospelsenter i USA.Wolfe, Charles. Amazing Grace: His Greatest Sacred Performances. RCA 66421-2, 1994, liner notes, s. 8 Presley voks opp med denne musikken og likte godt gospelmusikken resten av livet sitt. Denne EP-en var første gongen Presley gav ut denne musikken. Han spelte sidan inn fleire religiøse plater, som albuma His Hand In Mine, How Great Thou Art og He Touched Me.
Alle fire songane er gospelklassikarar, med to songar av Thomas A. Dorsey, «faren til svart gospel». Seks månader etter EP-en kom ut, kom dei fire songane ut på julemusikkalbumet Elvis' Christmas Album.
Medverkande Elvis Presley – vokal, gitar The Jordanaires - vokal Scotty Moore – elektrisk gitar Floyd Cramer – piano Dudley Brooks – piano Gordon Stoker - orgel Bill Black – bass D.J. Fontana – trommer
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Peace in the Valley (EP)» frå , den 14. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvis Presley-EP-ar Kategori:EP-ar frå 1957 Kategori:Gospelalbum Kategori:Album produserte av Steve Sholes