Al Heera er ein forstad nord i Sharjah i Dei sameinte arabiske emirata, tradisjonelt heimstaden til Darawishah, og ein del av Al Bu Shamis-delen av Na'im-stamma. Ein gong erklærte det seg sjølvstendig frå Sharjah, og hadde sin eigen sjeik, før det formelt vart ein del av emiratet Sharjah i 1942. Det er ein kystenklave med ei lita hamn nytta av fleire fiskarar og fritidsbåteigarar.

Den opphavlege fiskarlandsbyen, som hovudsakleg bestod av adobe- og korallhus, låg langs cornichen i området like bak Al Heera politistasjon, men vart fråflytta og så heimstaden til taxisjåførar og ulovlege arbeidsinnvandrarar gjennom 1990-åra, før det vart rive ned. Det er lite att av den originale busetnaden i dag.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al Heera» frå , den 14. oktober 2016.

Kategori:Busetnader i Sharjah