«Such a Night» er ein popsong frå 1953 skriven av Lincoln Chase og først spelt inn av The Drifters.
Originalversjonen til The Drifters, med Clyde McPhatter, vart spelt inn i november 1953 og gjeven ut i januar 1954. Trass i at han vart bannlyst av somme radiostasjonar fordi han var for «svart», nådde han andreplassen på den amerikanske R&B-lista i 1954.
Songen vart ein hitsingel for Johnnie Ray, og denne gjekk til topps på UK Singles Chart i 1954. Ray-versjonen gjekk in på den amerikanske Cash Box-lista 27. mars 1954, og nådde 18. plassen to veker seinare den 10. april.
Elvis Presley spelte òg inn songen og gav han ut i 1960 på albumet Elvis Is Back. Presley-versjonen nådde 13. plassen på singellista i Storbritannia og 16. plassen i USA, då han kom ut på singel i 1964.
The Four Lovers gav ut sin versjon i 1956. Dette bandet vart seinare kjend som The Four Seasons.
Andre versjonar
Ein tysk versjon vart omsett av Hans Bradtke og kalla «Tut mir leid» og spelt inn av Johnny Reimar i 1964. Bamse omsette og spelte inn songen som «Sikken' nat» i 1976. Ein nederlandsk versjon kalla «Wat 'n nacht» vart omsett av John Spencer og Rob Peters og framført av John Spencer i 1985.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Such a Night» frå , den 20. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1954 Kategori:Songar frå 1953 Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Lincoln Chase Kategori:The Drifters-songar Kategori:Dinah Washington-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Johnnie Ray-songar Kategori:Conway Twitty-songar Kategori:Emile Ford-songar Kategori:Shakin' Stevens-songar Kategori:Engelbert Humperdinck-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Johnny Hallyday-songar Kategori:Vikingarna-songar