Harald Nicolai Samuelsberg () var ein norsk byråkrat og politikar frå Loppa i Finnmark. Han representerte Finnmark fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1958-69.

Samuelsberg var son til ein gardbrukar. Etter ein vinter på folkehøgskule (ungdomsskule), arbeidde han frå 1928 som både fiskar, vegarbeidar, lærarvikar og fabrikkarbeidar. I tida 1936-41 var han tilsett i Fiskerioppsynet i Finnmark under vinter- og vårtorskefisket, og elles lensmannsbetjent i Lebesby frå 1939 til -40. Samuelsberg fekk i 1941 styrarjobben ved Feitsildfiskernes salgslag sitt kontor i Øksfjord, ei stilling han hadde til 1964. Frå 1948 til -65 dreiv han farsgarden i Øksfjordbotn

Samuelsberg var medlem av kommunestyret i Loppa periodane 1937–40 og 1947–67, ordførar 1960-61 og varaordførar 1962-63. Frå 1957 til -67 var han formann i Finnmark fylkes skulestyre, og i tida 1964-80 var han formann i Norsk sameråd.

Hausten 1957 vart Samuelsberg vald til å representere Finnmark på Stortinget. I tre etterfølgjande fireårsbolkar hadde han sete på Tinget og var medlem i Militærkomiteen fram til 5. mai 1960, då han vart flytta over i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Etter meir enn fem sesjonar i den komiteen, sat han dei fire siste sesjonane, 1965-69, i Sosialkomiteen.

Etter han forlet Stortinget i 1969 var Samuelsberg kontorsjef i Hasvik kommune frå 1970 til -74.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Samiske politikarar Kategori:Ordførarar i Loppa Kategori:Ap-ordførarar i Finnmark Kategori:Folk frå Loppa