Boris Arsenjevitsj Sjilkov () var ein russisk skeiseløpar frå Arkhangelsk som representerte Sovjetunionen. Han vart både europameister og verdsmeister i 1954, og vann gullmedaljen på 5 000 meter under Vinter-OL 1956.

Sjilkov kom på andreplass etter landsmannen Oleg Gontsjarenko då VM 1953 fann stad i finske Helsinki. I 1954-sesongen steig han til topps på sigerspallen både ved europameisterskapen i Davos og verdsmeisterskapen i Sapporo, framom høvesvis Hjalmar Andersen i Davos og nemnde Gontsjarenko i Sapporo. Året etter stod Sjilkov tredjeplassert etter VM i Moskva, bak svenske Sigge Ericsson og Gontsjarenko.

Den 9. januar 1955, på Medeo-bana ved Alma Ata, sette Sjilkov verdsrekord på 5 000 meter med tida 7.45,6. Mange i det norske skeisemiljøet nekta å tru på rekordtida, sidan det var ei rekordforbetring på heile 18 sekundar. Sesongen etter prova Sjilkov under vinterleikane i Cortina d'Ampezzo at rekordtida faktisk kunne vere rett, han vann då OL-gullet på 5 000 meter etter å ha kome i mål på tida 7.48,7, heile åtte sekundar betre enn sølvvinnar Sigge Ericsson.

Under skeise-VM 1957 i svenske Östersund låg Sjilkov an til å vinne laurbærkransen, men eit framifrå milløp av norske Knut Johannesen førte til at han enda på andreplassen.

Sjilkov la opp etter 1958-sesongen. Han døydde i St. Petersburg.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Boris Sjilkov» frå , den 13. november 2016.

Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Folk frå Arkhangelsk