Sverre Ingolf Haugli () var ein norsk skeiseløpar frå Jevnaker. Han vart norsk meister i 1953 og fekk OL-bronse på 5 000 meter i 1952. Haugli representerte Jevnaker Idrettsforening, deretter Gjøvik Skøiteklub og seinare Oslo Skøiteklub.

Aktiv Haugli vart i 1949 nummer seks i NM i Tønsberg. Året etter vart han fjerdemann i noregsmeisterskapen, før han overraska stort med tredjeplass under EM 1950 i Helsinki. I 1951 vart han nummer to etter Hjalmar Andersen då NM vart avvikla på Lillehammer og han kom på fjerdeplassen i VM 1951.

Under Vinter-OL 1952 i Oslo vann Haugli bronsemedaljem på 5 000 meter, og enda på sjetteplass på 10 000 meter. Ved noregsmeisterskapen 1953 i Skien vann han dei tre lengste distanseløpa og vart norsk meister framfor Roald Aas. Sesongen etter vart Haugli andremann i NM, slått av Hjalmar Andersen, og han vart nummer sju i EM. Ved Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo tok Haugli fjerdeplassen på 10 000 m. Han heldt høgt nasjonalt nivå til 1959.

Haugli var farfar til skeiseløparane Sverre og Maren Haugli.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sverre Haugli» frå , den 15. november 2016.

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Folk frå Jevnaker