Boris Andrianovitsj Stenin () var ein russisk skeiseløpar frå Sverdlovsk som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i 1960 og kom på andreplassen i europameisterskapen same vinteren.
Aktiv Stenin meisterskapsdebuterte i EM 1959 i Göteborg, der han enda på sjuandeplassen. OL-sesongen 1960 vart hans store sesong. Det tok til med siger i sovjetmeistermeisterskapen og heldt fram med andreplass ved EM 1960 på Bislett stadion i Oslo, der han var sjanselaus mot norske Knut Johannesen. Fjorten dagar seinare var han derimot heilt suveren då VM 1960 fann stad i Davos, sigersmarginen vart til sist på over 2,7 tidspoeng. Særleg imponerte han på 1500 meter, der han slo nestemann med 2,7 sekund. Han vart då den største favoritten på 1500 m under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, men enda med bronsen på distansen, eit heilt sekund bak gullvinnarane, landsmannen Jevgenij Grisjin og Roald Aas frå Noreg.
Etter å hamna litt lågare på resultalistene ved meisterskapane i 1961, var Stenin med i kampen om laurbærkransane ved EM 1962 og VM same året. Under EM i Oslo fekk han bronseplassen, medan han enda utanfor pallen med fjerdeplass i VM 1962.
Stenin var trenar for det sovjetiske kvinnelandslaget frå 1973 til 1984. Han var gift med Valentina Stenina, trefaldig verdsmeister på skeiser.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Boris Stenin» frå , den 23. november 2016.
Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten Kategori:Folk frå Jekaterinburg