Girl Happy er det 21. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 3338, i mars 1965. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood, den 10. til 12. juni med ekstra vokalspor av Presley den 15. juni 1964. Albumet nådde åttandeplassen på Top LP's-lista. Det selde til gullplate 15. juli 1999 i USA. Merk: Søk på «Girl Happy»
Innhald Utanom singlane til samlealbumet Elvis' Golden Records Volume 3, var dette det sjette originale Presley-albumet på rad med filmmusikk frå ein av filmane han spelte i.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 415-416. Det vart spelt inn elleve songar og alle vart brukte. «The Meanest Girl in Town» vart opphavleg gjeven ut som «Yeah, She's Evil!» av Bill Haley & His Comets på Decca Records i juli 1964, sjølv om Haley spelte inn sin versjon seks dagar etter Presley. Ein feil i masteringa av musikken førte til at farten på røysta til Presley vart auka fleire gonger.Carr, Roy, and Farren, Mick. Elvis The Illustrated Record. London: Harmony Books, 1982; s. 97 RCA gav til slutt ein rett versjon av tittelsporet i 1991 på samlealbumet Collectors Gold from the Movie Years, men då med eit alternativt opptak. Til slutt vart den riktige versjon med rett snøggleik gjeven ut.
«Do the Clam» vart gjeven ut på singel omtrent ein månad før albumet kom ut, og nådde 21. plassen på Billboard Hot 100 og låg inne på veka i åtte veker. B-sida var eit unytta spor kalla «You'll Be Gone», skriven av Presley med «Memphis Mafia»-medlemmane Red West og Charlie HodgeJorgensen, op. cit., s. 166., og vart spelt inn 18. mars 1962 under innspelinga til Pot Luck with Elvis. Ein variant av Cole Porter-standarden «Begin the Beguine» (etter Porter hadde nekta dei å endre teksten), vart den nye songen utvikla med melodien og teksten til Porter som mal.Guralnick, Peter. From Nashville to Memphis: The Essential 60s Masters. RCA 66160-2, 1993, liner notes, s. 22, 24. Songen var ikkje med i filmen, men vart lagt til albumet.
Mot slutten av 1965 gav RCA ut filmmusikk til den tredje filmen til Presley det året, Harum Scarum. Sidan ingen av songane på albumet hadde potensiale som singel, valde RCA ut «Puppet on a String» i lag med den då fem år gamle «Wooden Heart» som årets julesingel. Sjølv om «Puppet on a String» alt var gjeve ut på Girl Happy, klatra songen til 14. plassen på Billboard Hot 100. I 2003 vart Girl Happy gjeve ut på ny på selskapet Follow That Dream i ei spesialutgåve med dei originale songane frå albumet i tillegg til mange alternative opptak.Sources:
Medverkande
Elvis Presley — vokal The Jordanaires — korvokal The Jubilee Four, The Carole Lombard Trio — korvokal (på «Do the Clam» og «Wolf Call») Boots Randolph — saksofon Scotty Moore, Tommy Tedesco — elektrisk gitar
Tiny Timbrell - akustisk gitar Floyd Cramer — piano Bob Moore — kontrabass D.J. Fontana, Buddy Harman, Frank Carlson Hal Blaine — trommer
Innhald Original release (1965)
Follow That Dream-utgåva (2003)
Lister
Album ÅrListerPlassering1965Billboard Pop Albums8
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Girl Happy (album)» frå , den 30. november 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1965 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Georgie Stoll