Egbert Rolf Wennemars (), kjend som Erben Wennemars, er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Dalfsen. Han vart sprintverdsmeister i 2004 og 2005.

Wennemars kom på tredjeplass i sprint-VM 1998 i Berlin, ei plassering han kopierte i sprint-verdsmeisterskapen 2003 i Calgary. Same sesongen var han tilbake i Berlin ved VM i enkeltløp, der han vann både 1000 m og 1500 m.

Under sprint-VM 2004 i Nagano imponerte Wennemars med to sterke 1000-meterar, noko som gav han VM-gullet framfor kanadiarane Jeremy Wotherspoon og Mike Ireland. Han forsvarte VM-tittelen i Salt Lake City i 2005, også då var Wotherspoon hans sterkaste konkurrent. Frå Vinter-OL 2006 i Torino reiste Wennermars heim med to bronsemedaljar, fyrst fekk han ein "gratismedalje" i lagtempoen, før han vart tredjemann på 1000 meter.

I 2007 deltok Wennemars i firkamp-VM, og på heimebane i Heerenveen enda han på femteplassen. Over ein tiårsperiode, 1999-2008, vann Wennemars elleve 11 medaljar (6-2-3) i ulike VM i enkeltløp.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Erben Wennemars» frå , den 30. november 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006