«Auprès de ma blonde» eller «Le Prisonnier de Hollande» er ein populær fransk song frå 1600-talet. Han dukka opp under eller like etter den fransk-nederlandske krigen (1672–78), under regjeringstida til Ludvig XIV, då franske sjømenn og soldatar ofte vart tekne til fange i Nederland. Songen er kjapp og livleg og passar militærmarsjar, og vert ofte spelt under paradar. Av same årsak vart han raskt populær som drikkevise og barnerim.
mini|Melodien
Songen er den første av Songs of the World av The Norman Luboff Choir. Songen var meint å representere Frankrike på to album med songar frå heile verda.
Elvis Presley song ein engelskspråkleg versjon kalla «I Love Only One Girl» for filmen Double Trouble i 1967.
Tekst med notar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Auprès de ma blonde» frå , den 6. desember 2016.
Kategori:Franske songar Kategori:Franske folkeviser Kategori:Songar frå 1600-talet