Kuskjel (Arctica islandica) er ein musling frå Nord-Atlanteren som er den einaste nolevande arten i kuskjelfamilien. Det blir brukt som matskjel ein del stader, og som agn.

Skildring og levevis

mini|venstre|Kuskjel i ei hand. Kuskjelet er temmeleg rundt og brunt med fine konsentriske ringer i skalet. Det blir opptil 12 cm breidt og kan bli høgare enn 50 mm.

Arten er vanleg å finna på djupne på nokre få meter, men kan også leva mykje djupare.

Dei ligg som oftast nedgrovne i sand- og mudderbotn. Ofte ligg fleire skjel tett saman, og stikk berre så vidt opp av botnen. Kuskjel er sårbar for mekanisk påverknad, som tråling.

Kuskjel finst langs heile norskekysten.

Mellom gjellene har kuskjell ofte ein sambuar i form av ein nemertine eller slimorm.

Alder mini|Det eldgamle kuskjelet «Ming». Kuskjel kan bli særs gamle. Det eldste skjelet ein har funne og studert blei rekna ut til å vera 507 år gammalt. Dette er den lengste stadfesta levetida til noko dyr (Metazoa).Butler P.G. (2012), Clam shells, climate change and ageing: The mollusc that had 500 birthdays. Catalyst Secondary School Review, 23(1), 6-8 P. Bulter et al. (2012), Characterising the microstructure of Arctica islandica shells using NanoSIMS and EBSD. Geophysics, Geochemistry, Geosystems 13(4), Q04002 doi: 10.1029/201 Skjelet, som er blitt kalla «Ming», blei plukka i levande tilstand utanfor Island i 2006. Eit anna kuskjel som blei plukka ved Island i 1868 blei funne å vera 374 år gammalt.

Ein finn alderen til kuskjel ved å studera vekstringane i skjela deira, liknande årringar. Studiar av vekstraten og oksygenisotopar viste svært varierande vekst i samband med Den vesle istida rundt 1550–1620 og det milde klimaet rundt 1765–1780, og ein fann spor etter Tambora-vulkanutbrotet i 1815.Schone B.R. et al. 2005. Palaeogeography, Palaeoclimatology, Palaeoecology 228, 130-148. Medan kuskjel i relativt djupe og kalde område kan nå høge aldrar, er sørlege bestandar av skjel med større variasjonar i temperatur og salinitet som regel mykje meir kortliva. Kuskjel frå Tyskebukta blir typisk rundt 150 år, medan skjel frå Kielbukta berre blir rundt 30 år.Strahl, Julia (2011). Life strategies in the long-lived bivalve Arctica islandica on a latitudinal climate gradient – Environmental constraints and evolutionary adaptations. Alfred Wegener Institute, Helmholtz Centre for Polar and Marine Research, University of Bremen.

Bruk Kuskjel kan etast av menneske, og blir brukte som mat i fleire land. I USA hauster ein fleire hundre tusen tonn årleg.

På Island er dei viktige som agnskjel, ein bruk dei også har i Noreg.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Arctica islandica» frå , den 8. desember 2016.

Bakgrunnsstoff Kuskjell, foto Fant 405 år gammelt levende dyr – Dagbladet.no Drepte verdens eldste dyr

Kategori:Muslingar